Sognefjord Kaffibrenneri
Indonesia - Sumatra
Indonesia - Sumatra
Couldn't load pickup availability
Frå Indonesia
Region: Sumatra
Produsent/Brand: Raja Toba
Prosessering: Semi Washed (Pulped natural)
Høgd over havet: 1200 - 1450
Botanisk art: Typica & Caturra
I dag reiser vi til Indonesia – eit land som har vore knytt til kaffi i over 300 år. Historia startar heilt tilbake i 1696, då guvernøren i Jakarta fekk kaffiplantar i gåve frå Malabar i India. Første forsøk gjekk skeis (plantane drukna i ei flom), men frøet var sådd – bokstaveleg talt. I dag er Indonesia verdas fjerde største kaffiprodusent.
Det som verkeleg skil Indonesia ut, er ei tradisjonell foredlingsmetode du nesten berre finn her: Giling Basah, også kalla semi-vaska eller wet-hulled. Giling Basah er ein unik prosess som gir kaffien eit særpreg du ikkje finn andre stader.

Slik fungerar det: Dei nyttar manuelle maskiner for å "depulpe" - få av fruktkjøtet, før dei får ei natt med lett fermentering og blir vaska. Så kjem sjølve nøkkelen: i staden for å tørke kaffien heilt ned til 11–12 % fukt, slik som i vanleg vaska prosess, blir den berre tørka til rundt 30–40 %. Då blir den sendt gjennom ein maskin som «gneg» av pergamentlaget medan bønnene framleis er fuktige og mjuke. Etter dette blir dei grøne bønnene tørka vidare til dei er klare for sortering og eksport.
Resultatet? Mindre syre, meir kropp – og dei klassiske indonesiske smakstonane: fyldige, jordlege, krydra og runde.
Raja Toba Organic, kjem frå småbønder i landsbyane Bewarang og Jagong Jeget i Aceh, nord på Sumatra. Totalt 308 hektar med små parsellar, og ein prosess som inkluderer trippelsortering – ei nitid reinsking av bønner tre gonger før kaffen blir pakka.
Det er ein fyldig kaffi med søte kryddertonar.
Share

Miniblogg
-
Koffeinfri Kaffe
Koffeinfri kaffi – smak utan koffein Koffeinfri kaffi har lenge hatt eit ufortent dårleg rykte. Mange forbind han med flat smak og låg kvalitet, men moderne metodar for avkoffeinering har...

Adventskalender 2025 – 24 unike kaffibønner frå...
Opplev adventstida med Sognefjord Kaffibrenneri sin Adventskalender 2025! 24 ulike spesialkaffi frå Vestlandet – heile bønner, ferskt brent, klar til jul. Perfekt for kaffielskarar og som gåveidé.

Kaffeabonnement - Kaffi i postkassa
Med eit kaffeabonnement frå Sognefjord Kaffibrenneri får du ferskbrent, sesongbasert kvalitetskaffi rett heim til døra. Vi hentar dei nyaste avlingane frå kaffigardar verda rundt og brenn kvar batch for hand...