Kaffe for bedrift
Treng du gode råd for å lage god kaffi? Då har du kome rett.
Kanskje er du på jakt etter betre kaffi til kontoret ditt, eller er ein ambisiøs kafé eller restaurant som har behov for profesjonelt kaffeutstyr. Vi er ein partnar som kan hjelpe deg med kaffi som smaksløkane dine vil setje pris på.
Hos Sognefjord Kaffibrenneri brennar vi ikkje berre førsteklasses handverkskaffe – vi leverar også kaffi og installerar profesjonelt kaffiutstyr til kontor, kafear og restaurantar over heile landet. Med lidenskap for faget og mange års erfaring tilbyr vi løysingar som gjer kvardagen enklare og kaffien betre.
Vi er blant dei få i landet som er sertifiserte til å installere espressomaskiner frå italienske La Marzocco – anerkjende som noko av det ypperste innan espressomaskiner. Desse ikoniske maskinene blir valt av kaféar som stiller høge krav til kvalitet, driftssikkerheit og eksepsjonell espresso. I tillegg er vi dyktige på å installere pålitelege, tradisjonelle og solide kaffimaskiner frå Jura og De Jong, ideelle for bedrifter som ønskjer topp kvalitet og enkel drift.
For å gjere det så fleksibelt som mogleg kan maskinene både leasast eller kjøpast, alt etter kva som passar di verksemd best. Vi tilbyr også serviceavtalar, slik at bedrifta di alltid er sikra stabil drift og god tilgang på fersk kaffe – utan bekymringar.
Med mange år i bransjen kan vi tilby ei komplett løysing for ditt kontor, kafé eller restaurant: Vi sørgjer for trygg og profesjonell installasjon av alt fast utstyr, og du får sjølvsagt lokalt, ferskbrent handverkskaffe frå vårt eige brenneri i Sogndal.
Vi legg stor vekt på å hjelpe deg med å velje rett maskin for akkurat ditt behov, basert på størrelse, bruksmønster og ønskja kvalitet. Rådgjevinga er ein naturleg del av tenesta – målet er at du skal få ei løysing som både fungerer og begeistrar. Spør gjerne etter referansar.
Ta kontakt på e-post eller telefon – så finn vi den perfekte kaffiløysinga for di verksemd!
Netthandel for B2B-kundar : www.kaffibrenneri.no
Årets julegåve?
Eit kaffiabonnement vil 84% av den norske befolkinga bli glad for!
-
Kaffiabonnement (Kaffi i postkassa!)
Regular price From 165,00 NOKRegular priceUnit price perTilbodspris From 165,00 NOK -
1 år med kaffiabonnement - Julegåve
Regular price From 145,00 NOKRegular priceUnit price perTilbodspris From 145,00 NOK -
Kaffiabonnement Sør-Amerika
Regular price 159,00 NOKRegular priceUnit price perTilbodspris 159,00 NOK -
5 mnd med kaffiabonnement - Julegåve
Regular price From 159,00 NOKRegular priceUnit price perTilbodspris From 159,00 NOK