Koffeinfri kaffi – smak utan koffein
Koffeinfri kaffi har lenge hatt eit ufortent dårleg rykte. Mange forbind han med flat smak og låg kvalitet, men moderne metodar for avkoffeinering har endra dette totalt. I dag kan koffeinfri kaffi halde same kvalitet, kompleksitet og sødme som vanleg spesialkaffi – berre utan koffeinet.
For mange er koffeinfri kaffi eit naturleg val: for betre søvn, mindre uro i kroppen, eller rett og slett for å kunne nyte fleire koppar kaffi i løpet av dagen.
Kva er koffeinfri kaffi?
Koffeinfri kaffi er kaffi der mesteparten av koffeinet er fjerna før brenning. Vanlegvis blir mellom 96 og 99 % av koffeinet fjerna, medan smakskomponentane i bønna blir bevart så godt som mogleg. Avkoffeinering skjer alltid på grøne kaffibønner, før dei blir brende.
Korleis blir kaffi avkoffeinert?
Det finst fleire metodar for å fjerne koffein frå kaffi. Dei mest brukte i spesialkaffi i dag er:
Sugarcane / Ethyl Acetate (EA)
Dette er ein naturleg og skånsam metode der ethyl acetate, utvunne frå fermentert sukkerrøyr, blir brukt til å binde og fjerne koffein. Metoden er særleg vanleg i Colombia, der både kaffi og sukkerrøyr er lett tilgjengeleg. Sugarcane-metoden er kjend for å bevare – og ofte forsterke – den naturlege sødmen i kaffien.
Swiss Water Process
Ein kjemisk fri metode der koffein blir fjerna ved hjelp av vatn, temperatur og tid. Smakskomponentane blir bevarte gjennom eit konsentrat kalla Green Coffee Extract. Resultatet er ein rein og balansert koffeinfri kaffi.
Felles for moderne metodar er at dei er langt meir presise og smaksskånsame enn eldre løysingar.
Smakar koffeinfri kaffi annleis?
Nei – ikkje nødvendigvis. Når kaffien er av høg kvalitet i utgangspunktet, og avkoffeineringa er gjort skånsamt, kan koffeinfri kaffi smake overraskande likt vanleg kaffi. Mange opplever at koffeinfri kaffi har litt lågare bitterheit og ei rundare munnkjensle, noko som ofte blir oppfatta som positivt.
Smaksprofilen vil framleis vere prega av opphav, sort, prosess og brenning – akkurat som med annan kaffi.
Er det koffein igjen i koffeinfri kaffi?
Ja, i svært små mengder. Koffeinfri kaffi er ikkje 100 % koffeinfri, men inneheld som regel berre 2–4 mg koffein per kopp, samanlikna med 80–100 mg i vanleg kaffi. For dei aller fleste er dette så lite at det ikkje har merkbar effekt.
Kvifor velje koffeinfri kaffi?
-
Du vil drikke kaffi seint på dagen utan å påverke søvnen
-
Du er sensitiv for koffein
-
Du vil redusere koffeininntaket utan å gi opp smaken
-
Du ønskjer eit fullverdig alternativ til vanleg kaffi
Koffeinfri kaffi hos oss
Vi vel koffeinfri kaffi etter same kriterium som all annan kaffi vi brenn: kvalitet i råkaffien, tydeleg opphav og god smak i koppen. Koffeinfri kaffi skal ikkje vere eit kompromiss – det skal vere kaffi du faktisk har lyst på.