Adventskalender 2025 - Infoside!

24. Desember

Så var vi her. 24. Desember. Julafta. Ein kaffikalender er eigentleg ein ganske rar idé, når ein tenkjer etter. Då eg var liten var det, etter kva eg kan hugse, kun barna som hadde adventskalendar. Gjerne ein sjokoladekalender heime og pakkekalender på skulen, der alle skulle bidra med ein liten sak og håpe på å trekke den beste pakken.

Men det viser seg at kaffikalender for (relativt) vaksne folk er eit flott konsept! 24 små posar. 24 tekstar. 24 forsøk på å treffe, akkurat den morgonen du sit der – trøytt, spent, forseinka eller heilt i flyt. Nokre dagar traff det blink. Andre dagar var det kanskje berre… kaffi. Men saman har dei blitt ein heil desember.

Før vi opnar siste luka, vil eg først og fremst seie: tusen, tusen takk.
Takk til alle som har kjøpt kaffikalenderen i år. Takk for tilliten, tolmodet, tilbakemeldingane, bileta, meldingane og dei fine orda undervegs. Det er utruleg stas å vite at kaffien vi brenn her i Sogndal har fått vere ein liten del av morgonane dykkar gjennom heile desember.

Og så – over til siste kaffi:

Dagens kaffi – og kalenderens finale

Frå: Kenya
Region: Kirinyaga, Central Kenya
Vaskestasjon: Karumandi Factory
Kooperativ: Baragwi Farmers Cooperative Society
Sort: SL28, SL34, Ruiru 11, Batian
Prosess: Fullvaska
Klassifisering: AA
Høgde: 1700–1800 moh

Kenya er for mange sjølve målestokken på kva kaffi kan vere. Klar, saftig, presis – og kompromisslaust godt når alt blir gjort rett. 

Kenya - Kijan Kiboko Sognefjord Kaffibrenneri

Karumandi Factory er ein del av Baragwi FCS, eit av dei eldste og mest anerkjende kooperativa i Kenya, etablert heilt tilbake i 1953. Rundt 1700 småskalabønder leverer kaffibær hit – bønder som i snitt har rundt 300 kaffitre kvar, ofte dyrka side om side med matplanter, frukttre og fôrvekstar.

Når bæra er modne, blir dei handplukka, pulpa same dag, fermenterte i 12–24 timar, grundig vaska og deretter dobbelvaksa i reint vatn før dei tørkar sakte på opphøgde senger. Det er ein ekstremt nøye prosess – men det er også derfor kenyansk kaffi smakar slik den gjer.

I koppen

Her får du det mange forbinder med «klassisk Kenya»:
frisk og livleg syre, lag på lag med fruktig sødme, og ganske saftig avslutning på kaffikalendaren.  

Og med det var vi i mål. 
24 luker. 24 ulike kaffireiser. Nokre favorittar, nokre overraskingar – og forhåpentlegvis mange gode koppar. Litt vedmodig? Utvilsomt. 

Om du har hatt glede av kalenderen og har lyst til å støtte oss vidare, så ligg neste års kaffikalender allereie ute. Du finn han her – og han blir tilgjengeleg til 31. desember.

Så var vi her. 24. desember. Julafta.
No gjenstår berre det viktigaste:
Lag deg ein god kopp - og ha ein rett so triveleg dag!

Riktig god jul frå oss i Sognefjord Kaffibrenneri!


23. Desember


Det er 23. desember. Tilgivelsen sin dag. Kan vi kalle lisje-julafta for det? Kanskje. Eg prøvar meg hvertfall - for dette er eit desperat forsøk på ein aldri så liten tilgivelse for årets største blemme. (Mulignes, det er mange). 

Mennesker gjer feil etter feil, året rundt, og denne gangen var det dei entusiastiske kaffikalendar-kaffidrikkande menneska som fekk lide. Det er berre å legge korta på bordet: I forrige veke blei de lurt! Eg kunne kanskje sagt at det var med vilje, eit slags pedagogisk trisk for fagleg utvikling på vegen mot spisskompetanse i kaffi - men det var berre eg som såg feil på lista mi. Det er nemmeleg i dag at vi skal få kaffi frå El Salvador:

Dagens kaffi

Frå: El Salvador
Brent av: Jacu
Region: Santa Ana – Apaneca Ilamatepeque
Produsent: Salaverria-familien
Gard: San Felipe
Botanisk art: Bourbon
Prosess: Vaska (double soaked)
Høgde: ca. 1700 moh

San Felipe er ein av Salaverria-familien sine mellomstore gardar, på rundt 38 hektar, og ein av dei gardane som over tid har levert mest stabil og høg kvalitet. Garden ligg i dei bratte åsane i Apaneca-Ilamatepeque, eit av dei mest anerkjende kaffidistrikta i El Salvador. Trass i at landet er lite, finn vi her høgder og mikroklima som gjev kaffi med både struktur og eleganse.

Kaffien er prosessert som double soaked washed, ei ekstra grundig vaska foredling der bønnene får ein ekstra bløytleggingsfase etter fermentering. Resultatet er ein rein, klar kopp med presis sødme og tydeleg struktur – ein prosess som passar perfekt til Bourbon-sorten garden er planta med.

San Felipe er planta i bratte skråningar, med fleire variantar av Bourbon, og trea ser – ifølgje dei som har vore der – rett og slett fantastiske ut. Friske plantar, god skugge og ein gard som blir driven med erfaring og langsiktig perspektiv.

I koppen

I smaken finn du brunt sukker, karamell og ein mjuk, rund sødme, balansert av papaya og frisk sitrus. Dette er ein klassisk, men ikkje kjedeleg kaffi – nyansert, rein og veldig lett å like. Ein sånn kaffi som fungerer like godt aleine i morgonroa som saman med folk rundt bordet.

23. Desember kan du bruke til å tilgje ein lovande kaffigründer for sine feilsteg. Gjer det først - og ta deretter fatt på jule-gjeremåla dine. Eg kan nesten garantere at du raskt vil føle deg betre. Er det ikkje godt å vite, at det er eg og ikkje du som har holdt eit tusentals folk for narr?   Den 20. Desember drakk du truleg ein kaffi frå India. Meir om den seinare. Eg har julegåver å handle, og eg har nesten ikkje reine klede i skapet mitt. Nei vent, kven er det eg prøvar å lure - eg held på å flytte inn og har ikkje klesskap. Eg har ein kleshaug.

God lille julaft!

 

22. Desember

Det er 22. desember. Dagen før dagen før.  Eller dagen etter Solsnu, om du vil. Ein skikkeleg god grunn for framtidsoptimisme. Litt mjukare. Litt treigare. Bittelitt lenger dag enn det var i går. Det er rom for ein ekstra kopp kaffi no, før vi snart går inn for landing. 

Dagens kaffi kjem frå eit område der naturen aldri heilt slepp taket. Frå eit landskap der kaffeplanter, ville dyr og menneske lever tettare på kvarandre enn dei fleste av oss er vane med.

Dagens kaffi

Frå: Tanzania
Region: Ngorongoro Crater
Produsent: Edelweiss Estate
Høgde: 1600–1850 moh
Sort: Kent, Bourbon, SL28
Prosess: Honey

Tanzania er kanskje ikkje det første landet mange tenkjer på når dei snakkar om spesialkaffi, men landet er faktisk Afrikas fjerde største kaffeprodusent. Kaffi har vore ein av dei viktigaste eksportvarene heilt sidan 1800-talet, og blir i hovudsak dyrka i nord – rundt Kilimanjaro – og i sørlege regionar som Mbeya og Mbinga. Eg fekk høyre frå ein kar i det lokale koret (Sogndal Songlag) at ein del lurendreiarar brukte å selge kaffi produsert i Tanzania, via Kenya - fordi prisane der er så mykje høgare, og smaksprofilane i nokre tilfelle kan være ganske like.

Uansett - denne kaffen kjem frå Edelweiss Estate, ein gard som ligg heilt i utkanten av Ngorongoro Conservation Area, omgitt av urørt skog. Garden vart etablert rundt år 1900, har vore gjennom både tysk og britisk styre, og blei kjøpt av Vohora-familien i 1969. I dag driv familien garden med eit sterkt fokus på både kvalitet og ansvar.

Plasseringa er spektakulær – og krevjande. Edelweiss Estate deler grøn grense med verneområdet, noko som betyr at elefantar og bøflar jamleg kryssar kaffiplantasjen. Det set sitt preg på kvardagen, og påminner om at dette ikkje berre er jordbruk, men samspel med naturen.

Garden er også tett knytt til lokalsamfunnet. Dei tilbyr lærlingplassar, støttar lokale skular og driv barnehagar for barna til dei tilsette. Kaffi er ikkje berre ein avling her – det er ein del av eit større økosystem.

Kaffien er honey-prosessert, noko som betyr at bæra blir pulpa, men ikkje vaska. Det naturlege sukkerlaget får bli med gjennom fermentering og tørking. Resultatet er ein kopp som kombinerer reinskapen frå vaska kaffi med meir frukt og sødme frå naturleg prosess.

I koppen

Smaksbiletet er silkemjukt og rundt, med sitrus i front, karamell og lønnesirup, og eit fruktig snev av fersken. Ein varm, behageleg og generøs kaffi – akkurat slik ein ønskjer seg dagen før julaftan.

I dag er det hvertfall min siste fulle arbeidsdag før nyttår. Endeleg inn for landing etter det som har vore ein heilt sinnsjuk haust! Dette er det niande året med kaffibrenning for min del, og eg har alltid tenkt at "Før eller seinare kjem det ein skikkeleg opptur!" Men at det skulle bli ein kaffikalendar - det hadde eg ikkje trudd. Eg hadde vel meir sett for meg å lande ein hotellkjede, eller eit riksdekkande selskap som ville ha kontorkaffi. Velvel, det her har utvilsomt vore mykje trivlegare å arbeide med!

Det har også gjordt det mogleg for oss å utvide teamet endå meir - både i produksjon, logistikk (utsending av kaffi, nettbutikk) og bedriftsutvikling. Viss du både vil gjere ein god deal, og være med å støtte oss i 2026 - så kjem vi til å legge neste års kalendar ut for salg frå 24. - 31. Desember.

Riktig god 22. desember, eg håpar det går rett veg for deg òg!

 

21. desember

Det er 21. desember. Vintersolkverv. Den kortaste dagen i året – og eit slags stille vendepunkt. Mørket har no gjort sitt, no snur det, sakte men sikkert. Det er ikkje noko ein nødvendigvis merkar i dag, men det er godt å ha med seg: frå no av går det berre ein veg. For kvar dag som går så er du litt nermare å kjenne sola varme skikkeleg att. Kanskje du til og med snart får gli bortover på ski, på endelause kvite vidder? 

Dagens kaffi

Frå: Uganda
Region: Bugisu, Aust-Uganda
Produsent: Småskalabønder
Høgde: 1300–2000 moh
Sort: SL14, SL24
Prosess: Vasket
Klassifisering: AB (screen 15–18)

Uganda er kanskje mest kjend for robusta – faktisk er landet verdas nest største produsent av robusta-kaffi, og ein av plassane der denne arten veks vilt. Men i skuggen av dette finst det noko anna, noko meir stillferdig og presist: arabica frå høgdene rundt Mount Elgon, heilt aust i landet, tett på grensa til Kenya.

Bugisu-kaffi kjem herfrå. Mount Elgon er ein utdøydd vulkan, forma av lava for rundt 24 millionar år sidan. I dag gir dei mineralrike, vulkanske jordene perfekte vilkår for arabica-kaffi. Høgda, jordsmonnet og klimaet gir kaffien struktur og gode kvalitetar.

Dei fleste kaffibøndene i Uganda er småskalaprodusentar, ofte med mindre enn ein halv hektar jord. Kaffien blir dyrka i blandingssystem – saman med bananar, avokado, vanilje og skuggetre. Denne typen intercropping også heilt avgjerande for å sikre både jordsmonn, inntekt og langsiktig drift.

Alt arbeidet skjer i stor grad for hand, utført av bøndene og familiane deira. Berre modne, raude bær blir plukka, før dei blir pulpa, fermenterte, vaska og tørka på "patio" eller opphøgde senger. Bugisu AB betyr relativt store bønner og lite defektar - men ikkje frå toppskiktet når det kjem til rein poengscore.

I koppen

Smaken er mjuk og balansert, med sitrus og appelsin, melkesjokolade, eit hint av sedertre, og ei behageleg, rein avslutning.

Sjå framover no. Vit at lyset er på veg tilbake, sjølv om det kanskje ikkje kjennest slik enno.Ein kopp kaffi frå Uganda, ein stille morgon – det er eigentleg heilt passe akkurat no.

Riktig god 21. desember 



 


19. desember

I Sverige er det ein stor dag i dag! Nesten høgtid. Isak har vemmeleg namnedag den 19. desember.

For dei som ikkje har fått det med seg, så har Isak begynt å arbeide i Sognefjord Kaffibrenneri sitt multinasjonale team! (Norge, Sverige, Ukraina, Kongo  på fast basis, men i kalenderproduksjonen var vi heile 10 ulike nasjonalitetar).

Det er mykje takka være våre nye kalenderkundar at vi har fått moglegheit til å bli betre kjent med Isak, og nett no sitter vi og diskuterar korleis vi skal arbeide over nyttår.

Vi går inn for landing - og dei utanom-kaffislege  juleførebuingane må få plass. Eg håpar du er betre i rute enn meg! Godt er det då at dette er ein kaffi Brent av Bergen kaffibrenneri

Frå: COSTA RICA

Region: TARRAZU 

Prosessering: WHITE HONEY

 MEDIUMBRENT

Her er vi jaggu med julekaffen igjen, ett år er gått! I år er den fra Roger Urena, som dyrker kaffe høyt opp i fjellene i Tarrazu i Costa Rica. Utsøkt og rund med hint av appelsin, nellik og kakaonibs. Gledelig jul fra oss!

  • Brenthet:
  • Sødme:
  • Syrlighet:

Les meir på BkB.no

Riktig god 19. desember



18. Desember

Ah, 18. Desember. Dagen etter julebord hjå naboen (Isak & Frøya), då eg klokka 22 på kvelden kjem på at eg ikkje har skrive morgondagens kaffitekst. Å stå opp klokka 5 for å begynne er ikkje lenger eit alternativ, så flytande, potet & karvebasert motivasjon skal komme til god hjelp i dagens kapittel. 

Kaffimessig skal vi roe det ned litt. Frå ein absolutt høydare av ein bærtørka maracaturra, skal vi ta kontrasten ned til ein relativt alminneleg brasiliansk kaffi. Eg meinar det er viktig å ha med - men vær sikker, for meg er kva kaffi vi skal legge i dei ulike lukene er ein slags valgets kval.

ETYMOLOGI: truleg frå middelnedertysk qualm, grunnbetydning 'noe som veller frem' (jf. tilsvarende tysk form Qualm 'dunst, tykk røyk'
Opphav: norrønt kvǫl; samanheng med kvalme og kvele
Tyding og bruk: liding, pine
Døme: lide dei verste kvalar

I det mylderet av kaffi som eg kan velje frå, så synes eg det er lett å finne det som EG tykkjer er fantastisk. Så kjem alltid det store spørsmålet, korleis kan eg lage ein kalender som treff best mogleg? Kven er det eigentleg som har bestilt kalendaren? Er det folk som identifiserar seg som kaffinerdar, og kun vil ha topp-kaffi og innslag av funky anaerobisk fermentering og annanas-infusion? Eller er det førstegangskjøparar som knapt har smakt noko anna enn "Kaffien som ikkje skal nemnast med namn"? Denne Brasilianske kaffien var hvertfall eit bevist valg: dei som hadde vore skuffa over for mykje rare smakar fram til no, dei skal kunne lene seg tilbake og godte seg med ein klassisk sjokolade- og nøtteprega kaffikøpp.


Opprinnelse: Cerrado Mineiro, Brasil
Produsent: Fleire fazendaer
Høgde: 800–1300 moh
Sortar: Mundo Novo, Red Catuai
Hausteperiode: Mai–september
Prosess: Naturaltørka
Klassifisering: NY2, Screen 17/18

Brasil står for rundt ein tredel av all kaffi som blir produsert i verda, og har vore verdas største kaffinasjon i over 150 år. Mesteparten er arabica, og Cerrado Mineiro – vest i delstaten Minas Gerais – er eit relativt ungt, men svært viktig område for spesialkaffi.

Cerrado skil seg frå mange andre kaffiregionar ved å vere flatt og lett tilgjengeleg, noko som har gjort det mogleg med høg grad av mekanisering og teknologisk presisjon i produksjonen. Samstundes har mange produsentar her lagt mykje arbeid i kvalitet, sporbarheit og reinsleg handverk.

Også den kaffien her er bærtørka, noko som også er den mest vanlege metoden i Brasil. Det gjev ein rund, søt og stødig kopp. Klassifiseringa NY2 betyr svært få feil i råkaffien (maks 4 av 300 bønner..) medan Screen 17/18 viser til storeleiken. I koppen snakkar vi om det brasilsk kaffi gjer aller best: sjokolade, nøtter og ein mjuk, behageleg munnkjensle.

Dette er ikkje kaffien som ropar høgast i rommet – men den som blir sitjande att lengst i koppen. Ta den med deg vidare i dag, no som det er heilt trygt å begynne nedtellinga til solsnu! Riktig god 18. Desember.

17. desember

Frå: Guatemala
Region: Fraijanes
Stad: El Palmar
Produsent: Antonio Gonzalez & Eby Aracely Samayoa
Botanisk art: Maracaturra
Prosessering: Bærtørka
Høgde: 1550–1800 moh

  1. desember kjennest ofte som eit lite vippepunkt. Det er ikkje heilt sluttspurt enno, men det er heller ikkje rom for å late som om jula framleis er langt unna. Det er no ein byrjar å kjenne behovet for litt ekstra varme, litt ekstra smak – og gjerne ein kopp kaffi som tek seg god tid. Og i dag er det nettopp ein slik kaffi vi opnar. Om du ikkje allerede har kverna kaffien din, så vil du sjå at desse bønnene er (relativt) gigantiske!

Kaffien i luka

Dagens kaffi kjem frå Fraijanes i Guatemala, nærare bestemt El Palmar, og er produsert av Antonio Gonzalez og kona hans, Eby Aracely Samayoa. Dette er eit familieprosjekt bygd på tolmod, nøyaktig arbeid og ei sterk tru på at kvalitet kjem frå forståing – ikkje hastverk.

Garden deira ligg i høgder mellom 1550 og 1800 meter, omgitt av skuggetre som inga, gravilea og avokadotre. Her veks sorten Maracaturra, ein krysning mellom Maragogype og Caturra, kjend for svært store bønner og eit enormt kvalitetspotensial – men òg for å krevje ekstra mykje av produsenten. Og brennaren, faktisk.

Antonio og Eby har brukt år på å finjustere prosessane sine. Denne kaffen er natural-prosessert, noko som betyr at heile kaffibæret får tørke med fruktkjøtet på. Berre dei mest modne, raude bæra blir plukka ut. Etter innhausting får bæra fermentere kontrollert i lukka plastsekkar i skuggen i om lag 24 timar – litt lengre enn vanleg, fordi dei store Maracaturra-bæra treng meir tid.

Deretter blir kaffien vaska lett i vatn for å fjerne støv og umodne bær, før han tørkar sakte på heva tørkesenger i rundt 20 dagar. Bæra blir snudde fleire gongar dagleg for å sikre jamn og stabil tørk. Til slutt blir kaffien mala og sortert ved tørrmølla i Fraijanes.

Resultatet er ein kaffi med djupne, fruktig sødme og struktur – ein kopp som viser kva som skjer når handverk, erfaring og vilje til å lære får styre. Dette er ein av dei betre bærtørka kaffiane frå Guatemala eg har smakt i år.

Så ta deg tid til denne koppen. La han få vere litt større, litt varmare, litt meir til stades enn resten av dagen. Må 17. desember få vere akkurat passe rik på smak, og akkurat passe roleg. 

16. Desember

Frå: Honduras
Region: 
Siguatepeque
Produsent:  
COHORSIL Kooperativet
Botanisk art: Catuaí, Parainema, and IHCAFE-90
Prosessering: 
Vasket
Høgde:
1200 – 1600

Fadesen er komplett - ein total fiasko! Hundrevis av folk var innom kaffisida i dag tidleg, truleg totalt forvirra av å finne ut at det fortsatt sto 15. Desember i kaffikalendaren. Ytterst beklageleg! Alt har jo sin årsak - eg var nemmeleg på kulturskulen si juleavslutting i går, og blei deretter lokka med på den nyopna Peppes Pizza etter vi hadde sunget igjennom julesangane. Og høyrt pianoelevane spele "für Elise" 3-4 gongar. Vipps - så var alle tankar om ansvar og forpliktelsar gløymt! Velvel, eg håpar på tilgivelse og lovar bot og betring.

Eg håpar din 16. Desember startar rolegare enn min, og at denne kaffikoppen gir deg ei varm og god kjensle i kroppen. Eit lite frampeik, i morgondagen si luke kjem det nokre enormt store kaffibønner med ein heilt spesiell smak!

Kaffi frå Honduras – Los Geranios

Dagens kaffi kjem frå Honduras, midt i hjartet av Mellom-Amerika. Eit land kjend for frodig natur, bratte fjell og tette regnskogar – så grønt at det ofte blir kalla «den grøne lunga» i regionen. Her, i fjellområda Comayagua og Montecillos, veks kaffien Los Geranios i høgder rundt 1 100 meter over havet.

Klimaet er mildt og stabilt, og kaffiplantene får vekse i skuggen av innfødde tre og planter. Dette gir ei langsam modning og ein meir balansert kopp, med reinskap og struktur. Kaffien er produsert av småskalabønder som er medlemmar av kooperativet COHORSIL – eit samarbeid som har halde på sidan 1980 og som legg stor vekt på både kvalitet, berekraft og ansvarleg drift.

Kooperativet består av rundt 1 200 bønder som dyrkar sortar som Catuai, Parainema og Ihcafe-90. Under innhaustinga blir berre modne kaffibær handplukka før dei går gjennom ein grundig våtprosess på kooperativet sin eigen mølle. Etter fermentering blir bønnene vaska reine og tørka sakte på patio til rett fuktigheit – rundt 12,5 %.

Guatemala - Huehuetenango Sognefjord Kaffibrenneri

Resultatet er ein ryddig og fyldig kaffi, med klassisk mellom-amerikansk karakter: balansert, rein og svært lett å like. Eg har «utvikla» den (brent den litt mørkare) litt meir enn ein del andre typar. Dette aukar sødmen og fyldigheten. Ein sånn kopp som passar like godt tidleg på morgonen som i den stille ettermiddagstimen.

Så om dagen din starta litt skeivt, litt seint – eller heilt feil – så er du i godt selskap. Nokre ting blir ikkje heilt som planlagt i desember, og det er heilt greitt. Det viktigaste er kanskje at koppen framfor deg er akkurat slik han skal vere: varm, trygg og utan krav om prestasjon.

La denne kaffien frå Honduras få vere ein liten pause i dagen – ein roleg stad å lande før du går vidare. I morgon ventar nye luker, nye smakar og, som lova, nokre uvanleg store kaffibønner med ein heilt eigen personlegdom.

No håpar eg 16. desember blir god mot deg vidare – og takk for tolmodet, tilgjevinga og for vår felles kaffiglede.

15. Desember

Frå: Etiopia
Region:
Yirgachecfe
Brent av: Bergen Kaffebrenneri
Produsent:  Wete Konga, Wete Ambela Coffee Export PLC
Botanisk art: Heirloom
Prosessering: Vasket
Høgde: 2050 - 2200

Historien og info om Fjellsmau Etiopia

I denne posen er det en singel origin bønne fra Etiopia og alltid vasket.

Fjellsmau i navnet stammer fra da BKB leverte jubileumskaffe til Bergens første ordentlige kaffebar, Det lille kaffekompaniet som ligger i Nedre Fjellsmau i Bergen.

"A washed lot produced in the Wete town in Yirgacheffe.
To effectively categorise our Ethiopian coffees, our team created a “flavour wheel”, where we have allocated different flavour profiles to colours. This coffee falls into the “Dhilgee” flavour profile. Dhilgee means "bloody red" in the Oromiffa language. This concept represents coffees that have light florals, red berries, purple fruit, and are overall round and sweet.



Harvest & Post-Harvest:
This coffee is processed using the washed method. The cherries are handpicked, then pulped to remove the mucilage. The beans are soaked for 48 hours and dried on African beds for 18 to 21 days.
"

Bearbeiding

Fjellsmau Etiopia er alltid en våtforedlet kaffe fra Etiopia, men prosessen kan variere for hver gård. Denne er tradisjonelt bearbeidet, altså våt fermentert, som gjør smaksprofilen mer kompleks og sødmeful, men også mindre syrlig og mer rund.

Brent på medium varme hele veien, men øker varmen når det nærmer seg 1. popp og dropper når det er nesten ferdig med 1. popp.

Smaksnoter

Hint av bergamot, aprikos, og svart te. Deilig sødme med tropisk syrlighet. Floral.

Så, når du løftar koppen i dag, håpar eg du kjenner både smaken, roen og historia i kaffien. Fjellsmau Etiopia er ein slik kaffi som blir verande – floral, elegant og balansert, med akkurat nok liv til å gjere deg litt meir merksam på augeblikket.

Må 15. desember få vere nettopp det: eit lite pusterom, ein varm kopp, og ei stille påminning om kvifor vi likar kaffi så godt.

14. Desember

Frå: Colombia
Region:
Huila, nermare bestemt byen Palestina.
Produsent:  Arley Vargas, Alexander Vargas Osorio
Botanisk art: Pink Bourbon
Prosessering: Vasket
Høgde: 1600 - 1800 meter

Nok ein Colombiansk kaffi! I dag, 14. Desember, ønskjer eg at du og eventuelt den som du måtte dele kaffien med, får inn ei rett så god søndagsstemning. Personleg skal eg produsere opp litt meir julekaffi, og førebu månadens kaffiabonnement, som vi sender ut ca 15. i kvar månad. Så når det nermar seg lunchtider reiser eg over til Det Gule Huset i Sogndal - her får eg gleda av å lage kaffi og servere nybakte bakvarer til gjestane - det er søndagsstemning!

Dagens kaffi kjem frå Palestina i Huila, og frå ein familie som verkeleg har kaffi i blodet. Alexander Vargas vaks bokstaveleg talt opp mellom kaffiplantene, og starta sjølv som kaffibonde berre 15 år gamal – i fotspora til foreldra sine. Over tid har han utvikla seg til å bli ein av dei mest respekterte produsentane i området, og har vore nasjonal finalist i Cup of Excellence heile fire gongar. Det er ikkje tilfeldig.

I dag driv han garden La Piragua saman med sonen Arley. Namnet kjem frå ei lokal nemning for ei lita båt – ein fin metafor for måten dei jobbar på: med nysgjerrigheit, eventyrlyst og vilje til å lære. Arley representerer neste generasjon, og han har ikkje berre blitt med – han har sett sitt tydelege preg på drifta. Her blir alt frå modning til fermentering nøye målt, loggført og justert, heilt ned på små endringar som kan gje store utslag i koppen.

Familien legg stor vekt på berekraft og regenerative metodar, plantar tre for å binde jorda og har også diversifisert drifta med mellom anna drakefrukt i dei høgare delane av garden. Når det gjeld sjølve kaffien, blir berre fullmodne bær plukka – kontrollert med Brix-måling – før dei går gjennom ei nøye styrt fermentering og skånsam tørking over fleire veker.

 - Gamlefar i sving.

Resultatet er ein Pink Bourbon med mykje personlegdom: elegant, nyansert og med den klare signaturen du berre får når både erfaring, presisjon og ekte lidenskap ligg bak.

Så anten du nyt denne koppen roleg heime, eller i selskap med nokon rundt bordet, håpar eg han set ein fin tone for søndagen. Ein kaffi laga med stoltheit, tålmod og kjærleik – akkurat slik ein desemberdag fortenar. ☕



 

13. Desember

Frå: Nicaragua
Region:
Madriz
Produsent:  Lokale bønder
Botanisk art: Catuai, Maragogype, Catimor
Prosessering: Vasket
Høgde: 1200 - 1700 meter

Det er noko med 13. desember. Ein sånn dag der førjulslivet ligg som eit lett slør over alt – pakkar som skal hentast, ladarar som er forsvunne, og kalenderluke-åpning som av ein eller annan grunn har blitt eit slags høgdepunkt på nivå med finalen i Farmen kjendis. Det er vel rett og slett den tida på året der små gleder gjer overraskande stor forskjell.

Og nettopp difor passar det utruleg godt at dagens kaffi kjem frå Nicaragua – eit land som i kaffiverda ofte ligg litt stille i bakgrunnen, men som gang på gang overraskar.

Ei lita reise: frå fjell, furuskog og uro til koppen din

Nicaragua blir kalla Tierra de Lagos y Volcanes – landet av innsjøar og vulkanar – og det er ikkje berre eit turist-slagord. Mykje av landets kaffi veks nettopp i desse bratte, høge og gamle landskapa, der furuskogar fungerer som ein naturleg overgang til Honduras.

I Segovia-platået – spesielt rundt Madriz, Jinotega og Nueva Segovia – er klimaet perfekt for kaffi: høgder godt over 1200 meter, frisk fjellvind og eit mikroskopisk nivå av små lokale klimavariasjonar. Kaffien som veks her får god tid til å modne, og resultatet er ein kopp som er både klassisk og behageleg: sjokolade, nøtter, og ei mild, balansert syre som gjer den til ein drøym for både filterfolk og espressoentusiastar.

Colombia - Hacienda La Rochela Sognefjord Kaffibrenneri

Likevel har kaffiproduksjonen i Nicaragua ikkje vore enkel. Stormar, politiske svingingar og økonomiske krumspring har gjort livet for kaffibøndene utfordrande i lange periodar. Men entusiasmen? Den står fjellstøtt. Og det merkar ein i koppen.

Her er kaffien ei samling frå fleire små og mellomstore gardsbruk, nøye sortert og vaska, og blanda for å skape ei stabil og solid smaksoppleving – ein kaffi som viser kva Nicaragua faktisk kan.

Guatemala - Huehuetenango Sognefjord Kaffibrenneri

Dette er ein skikkeleg «kaffi-kaffi» – ein sånn du kan servere både bestemor og baristavener utan å bli arrestert av nokon av dei. Mild, sjokoladeprega, nøttete og lettdrikkeleg…  Fyldig, litt bitter for å blidgjere gjestane. ja, ein klassikar i ordet si beste meining.

Så i dag, midt i førjulssuset, får du ein kopp som ikkje prøver å vere noko meir enn akkurat det den er: trygg, varm, klassisk og skikkeleg god. Ein kaffi som gir litt pusterom, litt ro, og kanskje ein påminnar om at dei beste desemberaugeblikka ofte er dei heilt enkle.

Må 13. desember smake godt – både i koppen og elles. ☕✨

Kenya - Mutunduri Sognefjord Kaffibrenneri

12. Desember

Frå: Øst-Timor
Region:
Ermera
Produsent:  Lokale bønder
Botanisk art: Hibrido de Timor
Prosessering: Vasket
Høgde: 1500 - 1600 meter

Smaksnoter: Melkesjokolade, valnøtt, lime

Eg får ein del e-postar gjennom året frå folk som vil selge meg kaffi, og for å vere heilt ærleg: dei fleste forsvinn i søppelkorga på rein refleks. Ein automatisk «nei takk» frå fingrane før hovudet rekk å vurdere noko som helst.

Slik gjekk det med den første e-posten frå dette prosjektet. Slett. Vekk med deg - eg har 99 andre å handtere. Men så kom ein oppfølgjar. Og der sto det eit lite ord som fekk meg til å stoppe: «Tilknyting til Sogndal». Då måtte eg lese vidare – og plutseleg skjønte eg at dette ikkje var nok ein standard e-post, men noko heilt anna.

Dette var eit kult prosjekt. Eit prosjekt som faktisk gav meining å støtte - og det var veldig kjekt å høyre om arbeidet deira då Bjørge besøkte meg på brenneriet. Det er ikkje første gong vi er brenner kaffien frå desse gardane i Aust-Timor. Det er noko spesielt med å jobbe med folk som er i ferd med å bygge opp noko nytt.

Les kva Bjørge skriv:

Parami er hjertet av kaffe fra Øst-Timor. Langt inne i fjellet, i bratte skråninger, langt utenfor allfarvei vokser noe av øyas beste kaffe. Nabolagene i Parami ligger tett i tett i dalen som fører opp mot Øst-Timors høyeste fjell, Ramelau, på rundt 3000 høydemeter. Her vokser kaffebærene sakte, og høstes senere enn ellers i landet. Det gir kaffebærene en unik smak. 

Moises er fra Parami og har jobbet i Konfiansa i en årrekke. Sammen med kaffebønder i hans utvidede familie (i Øst-Timor er familie et vidt begrep) har vi siden 2024 jobbet med å produsere kaffe av høy kvalitet. Øst-Timors brutale historie har gjort det vanskelig å utvikle en kaffeproduserende kultur hvor kvalitet står i fokus. Men siden freden kom til landet i 1999 har fokuset på kvalitet gradvis blitt større, og potensialet i kaffe fra Øst-Timor kommer sakte, men sikkert frem. 

Kaffe fra Parami er spesialkaffe med mening. 

Hva er Konfiansa? 

Visjon. 

Konfiansa er en ideell oppstartsbedrift med base i Norge og Øst-Timor. Vårt mål er å bedre levevilkårene til noen av verdens fattigste kaffebønder. Det oppnår vi gjennom lokal tilstedeværelse, en kort og effektiv verdikjede og profittdeling. 

Vår løsning. 

Konfiansa bygger på et mangeårig samarbeid mellom studenter i Norge og Øst-Timor. Etter å ha jobbet med flere sosiale utviklingsprosjekter i Øst-Timor ønsket vi å utvikle industrien Øst-Timor er mest avhengig av: Kaffe. 

Halvparten av verdens 15 millioner kaffebønder lever i fattigdom – til tross for at de produserer en vare som primært konsumeres av velstående markeder. Med en fot i Øst-Timor og en fot i Norge ønsker vi å minske avstanden mellom konsument og produsent. Derfor er vi både produsent, eksportør, importør og selger. Det gjør produktet vårt sporbart, samtidig som det sørger for at mest mulig av hva du betaler for kaffen går tilbake til bonden. 

Gjennomsnittsinntekten fra kaffe til en timoresisk bonde er 3000 kroner i året. De fortjener bedre, og det vil vi gjøre noe med. 

Av og med bønder. 

Konfiansa har sterke røtter blant bønder. Flere av våre ansatte i Øst-Timor er kaffebønder selv, og vi har lang erfaring fra utviklingsprosjekter med kooperativer. Lokal forankring og innsikt gjør det mulig for oss å følge opp bønder tett, tilpasse krav og assistanse, og sørge for at produksjonen skjer på bondens premisser. 

Kaffesektoren verden over sliter med rekruttering grunnet dårlige levevilkår. Sammen med morgendagens bønder i Øst-Timor ønsker vi å skape en verdikjede som gjør produksjon av kaffe til et yrke unge søker til, og ikke et yrke man kun ender opp i mangel på andre muligheter. 

Grønn kaffe. 

Miljø- og klimaavtrykket til kaffe er svært høyt. En gjennomsnittlig nordmann drikker årlig kaffe tilsvarende CO2-utslippet ved å fly Oslo - Tromsø. Utslippene stammer primært fra kunstgjødsel og avskoging. 

Øst-Timor utgjør den største regionen i verden som utelukkende produserer økologisk kaffe. Kunstgjødsel har aldri blitt introdusert, både av økonomiske, kulturelle og historiske årsaker. Samtidig vokser kaffe i skogsjordbrukssystemer, hvor skogen er en essensiell del av produksjonen. Det gjør at kaffe tar vare på skogen fremfor å være en kilde til avskoging. Det gjør Øst-Timor til et av verdens grønneste kaffeproduserende land. 

Forskning. 

Konfiansa stammer fra universitet, og forskning utgjør en bærebjelke i vårt arbeid. Vi tror løsningen på mange problemer i kaffesektoren finnes i skjæringspunktet mellom forskning og innovasjon. Dessverre er avstanden mellom forskning og industrien stor. Vi vil tette gapet, og vise hvordan forskningsbaserte intervensjoner kan maksimere påvirkningen blant kaffebønder. 

Alle bilder er tatt av Bjørge Bondevik i oktober 2025.  

Og med det seier eg berre: Ha ein god 12. Desember :)

11. Desember!

Frå: Colombia
Brent av: Jacu
Region:
Huila
Produsent:  
Botanisk art: Colombia
Prosessering: Vasket

Eg ser det på folk no. Her i traktene er det korkje haust eller vinter - den kjipaste tida før snøen gjer både bygda og sjela kvit. Nettopp derfor er det ekstra fint å opne ei luke som inviterer til ein liten pust i bakken eller ein ekstra god start på dagen – ein kopp som seier: "Du, legg vekk maset og tankane. Dette fortenar du." Det vert gjordt tyeleg med meldinga frå kaffiprodusenten:

"Drikk kaffen min med kjærlighet, for den er produsert med kjærlighet og dedikasjon for de beste ganene i verden. " Fernando Trujillo.

Smaksnoter: Søt og fruktig plomme, eple og sjokolade.

Så når du tek første slurken av denne kaffen frå Huila – søt og fruktig, med plomme, eple og eit snev av sjokolade – så veit du at Fernando Trujillo ikkje overdriv når han snakkar om kjærleik og dedikasjon. Dette er kaffi med omtanke i kvar bønne. Og vi? Ja vi sleit noko voldsomt med å feste alle klesklypene på posane. Og ja - vi har funnet ei betre klype for neste års kalender!

Må 11. desember vere god mot deg, og skulle den krevje litt ekstra av deg, så har du no ein kopp som gjev litt ekstra tilbake. ☕🎄

10. Desember!

Frå: Costa Rica
Brent av: Bergen Kaffebrenneri
Region:
 Santa Maria
Produsent:  Edelweiss Estate
Høgde over havet: 1,650 – 1,820
Botanisk art: Caturra & Catuai
Prosessering: Eksperimentell

Når ein driv ei lita bedrift så er ein av nøkkelane å være lydhør på tilbakemeldingar frå kundane, samt vite kva tips ein skal ta til følgje. I dag - 10. Desember fekk eg denne meldinga:

Hei igjen. Så fint at dere har fått 6 mnd abonnement! Liker adventskalenderen veldig godt også, og hyggelig å ha blitt litt kjent med bedriften deres underveis. Og passe lange, informative tekster hver morgen! Et lite ønske (evt tips til neste år) Snu landingssiden opp ned så ny tekster kommer på toppen = Mindre scrolling og leting :D

Eg ser at dette var måten eg gjorde det på i 2024 - og er heilt einig! Så - i ettermiddag skal eg snu heile saken - men enn så lenge legg eg ein kopi av teksten frå BKB her oppe. Så når du framover scrollar mindre - send ein takk til Ragnhild!

Kvinnekaffe

Aleksandra og datteren Stephanie viser vei for kvinner i kafebransjen. I Santa Maria i Costa Rica jobber de hardt på gården sin for å levere kaffe i toppskiktet. Mor er sjef på jordet, steller kjærlig med kaffeplantene, og leder innhøstingen. På møllen står Stephanie klar til å bearbeide kaffebærene, enten tørkes de med frukten på eller de sendes gjennom en depulper før de tørkes skånsomt i skyggen. Hvert steg i prosessen er viktig før kaffen pakkes i sekker og sendes til Bergen. Vi besøker Costa Rica jevnlig og har fått en tett relasjon til bøndene som leverer til oss. Flere av de har vært i Bergen og besøkt BKB.

"Ceres has to be one of our favorite new projects in town! Made up of a Mother-Daughter team (Alexandra and Stephanie), this family is extraordinarily excited about heightened quality, traceability, and the environment. They’ve had coffee farms in the family for many years in one of our favorite nano regions in the north of Santa Maria de Dota called Quebradillas. Only last year did they decide to take the dive into the specialty coffee world and experiment with processing an extremely small amount of their own cherries. They brought us a sample of their trial as they had heard about Selva by word of mouth and the results were absolutely delicious! We kindly asked the pair to process 10 bags of both their Honey and Natural for us the next year. So, this year is their first real production year as a micro wet mill and we could not be more thrilled with their fantastic work. So much potential here!"

Costa Rica - Tarrazu Sognefjord Kaffibrenneri

Prosessering:

Kvinnekaffe er en bærtørket kaffe med en eksperimentall bearbeiding; Kaffe er bærtørket og fermentert semi-anaerobisk via poly sekker i noen dager, deretter flyttes videre til en patio hvor den ligger i tjukke lag i noen dager igjen. 

Brennes på medium varme hele veien, og dropper når det sluttes med popping.

Egenskap

Hint av tørket frukt, tranebær, krembolle, og engelsk fruktkake. Tart og fyldig med god sødme og vin-aktig særpreg.

Redaktøren sine innspel:

Så når du sit med denne kaffen i koppen – bærtørka, eksperimentelt fermentert og laga av to kvinner som gjer Costa Rica-kaffi bittelitt betre kvar einaste dag – kan du vite at 10. desember fekk sin eigen vesle glans. Ein kopp som er både fruktig, fyldig og akkurat passe vill i kantane - den kan vi takke Bergen Kaffebrenneri for!

Kos deg med han, og måtte resten av dagen spele på lag. ☕🎄

9. Desember

Frå: Tanzania
Region:
Ngorongoro krateret
Produsent:  Edelweiss Estate
Høgde over havet: 1,650 – 1,820
Botanisk art: Bourbon & Kent
Prosessering: Vasket 

Det er noko eiget med 9. desember. Ein dag der ingenting skje, men alt kan skje. Kanskje finn du endeleg nøkkelen du har leita etter sidan november. Kanskje får du parkert bilen din på første forsøk. Kanskje smiler ein heilt ukjent person til deg på butikken – eller kanskje du får servert ein småkake som faktisk smakar småkake, og ikkje «jul med hint av krydder og lett eksistensiell uro». Uansett: Vi tek dagen som han kjem.

Men dagens kaffi? Den tek vi på alvor.

Til tross for at Tanzania ikkje har same kaffi-frynsete kjendisstatus som naboland saine, er landet faktisk Afrikas fjerde største produsent – berre slått av Etiopia, Uganda og Elfenbeinskysten. Sidan 1800-talet har kaffi vore ein av Tanzanias viktigaste eksportvarer, og mykje av dyrkinga skjer høgt og vakkert til: i nord under Kilimanjaro og i sør i regionar som Mbeya, Mbinga og Mbozi.


Dagens kaffi kjem frå Edelweiss Estate, ei gard som ligg heilt på kanten av Ngorongoro-reservatet – omgitt av urgamle skogar, dyreliv og ein ro som berre plassar langt frå alt kan ha. Gardsdrifta strekk seg frå 1 650 til 1 820 moh. og starta med tyske kolonistar rundt år 1900, før ho gjekk over til britane etter krigen og blei kjøpt av Mr. BN Vohora i 1969.

Fordi garden ligg så avsides til, har Vohora-familien lagt stor vekt på å engasjere seg i lokalmiljøet. Dei tilbyr læreplassar, støttar lokale skular og har starta barnehagar for tilsette. Naturen blir også tatt på alvor – noko som er nyttig når både elefantar og bøflar av og til tuslar innom tomta.


Når kaffitrea blomstrar mellom november og februar, veit dei at hausten nærmar seg: plukkinga startar i juli. For denne loten av Bourbon & Kent blir kirsebæra først pre-fermentert i to dagar i hermetiske tankar, deretter depulpa og fermentert vidare i 26–54 timar. Etter det blir bønene vaska, soltørka på afrikanske bed i 8–10 dagar og til slutt sendt til Arusha for siste finish før eksport.

Så når du bryggjer dagens kopp, veit du at han har reist langt – frå høglandet rundt Ngorongoro, forbi elefantar, gjennom grundig fermentering og vidare halve verda – for å lande akkurat her, i koppen din, denne heilt tilfeldige men potensielt heilt fantastiske 9. desember.

God kopp, og god dag! ☕🎄

 

8. Desember

Frå: Guatemala
Brent av: Jacu
Region:
Huehuetenango
Produsent:  Café Quetzalito
Høgde over havet:  1400 - 2000
Botanisk art: Red bourbon Red catuai Caturra rouge
Prosessering: Vasket

Av filterkaffi så trur eg det må vere frå Guatemala – og særleg Huehuetenango – eg har brent mest av sidan eg starta. Det er litt som kaffiverdas svar på «den eine kompisen som alltid stiller opp»: stabil, påliteleg og alltid god å ha. Når nokon spør om kva eg vil anbefale når dei ikkje heilt veit kva dei likar, ja, då er det nesten refleks å peike på denne. Den er rett og slett ein publikumsfavoritt.

Huehuetenango er dessutan eit heilt unikt kaffihjørne av verda. Regionens tørre fjellvindar, bratte dalsider og ekstremt varierte mikroklima gir kaffi som både er søt, kompleks og superbehageleg å drikke – alt på ein gong. 


Guatemala - Huehuetenango Sognefjord Kaffibrenneri

Dette er ikkje kva som helst slags kaffi - les kva dei skriv!

Kaffe med vind i seilene🌬️⛵
Hos Jacu bryr vi oss ikke bare om smaken – vi bryr oss også om reisen.

Vi er derfor veldig stolte av å introdusere Guatemala Quesalito, en særegen økologisk kaffe fra Huehuetenango, Guatemala, som har tatt en helt spesiell rute for å komme til oss.

Istedenfor å følge de vanlige shippingrutene, har denne kaffen reist med seilbåt – et bærekraftig valg som minimerer CO₂-utslipp og lydforurensing i havet.

Kaffen kjøper vi gjennom våre gode venner i BELCO som har satset alle kluter på dette banebrytende prosjektet. Istedenfor å komme med konvensjonell shipping, har altså denne kaffen krysset Atlanteren med seilbåt. Et prosjekt som både smaker og føles helt nydelig.

Så neste gang du håndbrygger deg en kopp av vår Quesalito, kan du vite at den har reist med vinden i ryggen hele veien hit✨

Og før vi rundar av dagens luke, må eg leggje til eit lite etterord: Sjølv om kaffien har kome seg heilt frå Guatemala til Europa med reint naturkraft – så var den siste etappen av reisa av den litt mindre romantiske sorten. Nemleg i ein Mazda 6 frå Ålesund til Sogndal, for å sikre at vi kunne starte ferdigstillinga av kalenderen ein dag tidlegare enn planlagt. 

Så dagens kaffi har altså både segl og stempelmotor bak seg – ei reise verdig ein adventsluke. God 8. desember! 🎄☕🚗💨

 

7. Desember

Frå: Etiopia
Region:
Sidamo
Produsent:  Ulike små kaffigardar
Høgde over havet: 2100 - 2300
Botanisk art: Heirloom (Tradisjonelle/Ursortar)
Prosessering: Vasket

Etiopia blir ofte kalla kaffiens vogge, og det er ikkje utan grunn. Det var i skogane i Kaffa-regionen ein gong for lenge, lenge sidan at Arabicaplanta og kaffien først vart oppdaga. Seier dei. Eg har høyrt mang ein gang at det var i Yemen dei først begynte å dyrke og drikke kaffien. Begge påstandane kan forsåvidt stemme godt. Uansett - sidan sidan den gong har landet levert noko av det mest smakfulle kaffien verda har å by på.

I sør ligg Sidamo, ein av dei mest spennande kaffiregionane i verda. Her dyrkar dei kaffi i  –  som regel frå 1 500 til over 2 300 moh. Det betyr at kaffibæra brukar god tid på å modne, og resultatet blir nettopp det du kjenner i koppen i dag: fruktig, aromatisk og intenst. Viss vi brenner kaffien veldig lyst, vil dei framstå svært milde, florale og nesten som te. Denne her har eg "utvikla" (som det heiter på fagspråket) litt meir, slik at den får litt meir fylde, men alikavel får innslag av florale smakar, fersken og appelsin.

Kaffien kjem frå Nansebo, ein woreda (distrikt) der små kaffifamiliar gjer som dei fleste i Etiopia: dei dyrkar litt kvar, men samarbeider om å levere bæra til den lokale vaskestasjonen. Der blir dei sortert, pulpa, fermentert, vaska og tørka på høge afrikanske senger – eit system som ser ut som det perfekte tørkestativ, berre for kaffi. 

Høgdene i Nansebo er over 2 100 meter, så bæra utviklar ein sødme og eit særpreg som gjer at den absolutt er verdt å handle inn til brenneriet. Det er ofte slik - vi får det vi betalar for når vi kjøper inn kaffi. Denne får 86,5 poeng (cup score), noko som er ganske så bra - vi skal komme tilbake til det seinare.

I mellomtida har eg dobbelsjekka - 7. Desember = søndag! Kanskje den aller beste dagen i veka for kaffidrikking - om eg sjølv skulle føreslå ei forbetring av kalendaren ville det ha vore dobbel dose kvar søndag. Då kunne eg invitert naboen over på ein kopp kaffi, og ausa over han med den nyvunne kunnskapen eg hadde opparbeida meg frå kaffikalendaren. Velvel, vi får sjå til neste år!

6. Desember

Frå: Brasil
Region:
Cerrado Mineiro
Produsent:  Daterra
Høgde over havet: 1150
Botanisk art: Acaia and Catuai
Prosessering: Pulped Natural

Det er alltid kjekt med litt variasjon – ikkje berre i kaffien, men i brenneria også. Difor har vi i dag fått hjelp frå gode vener i vest: Bergen Kaffebrenneri. Dette er den første av tre kaffi frå BKB, som er spreidd godt utover adventstida i lag med 3 andre kaffi frå Jacu.

Ikkje i noko anna land vert det dyrka like mykje kaffi som i Brasil - over ein tredjedel av all kaffien veks her!  Frå Amazonas i nord til ein endelaus kystlinje i aust, og midt i landet: Cerrado, eit av dei største og mest stabile kaffiregiona i verda. 

Dagens kaffi kjem er prossessert på tradisjonelt brasiliansk vis - pulped natural. Smaksprofilen er òg typisk brasiliansk: rund, sjokoladeprega, mild syre og veldig lett å like. Perfekt for deg som synest etiopiske bærtørka kaffi kan bli litt mykje på ein torsdag morgon. Her snakkar vi mørk sjokolade, karamell og nøtter, kanskje også vanilje og marsipan? 

Desembermørket siger innpå oss, og ein kopp kaffi frå Brasil gjer underverk.  Håpar du får ein roleg og god laurdag, og at kaffien i dag gir eit lite pusterom i eventuelt kvardagsleg tjas og mas. Viss ikkje det er nok, så kan du sette av litt tid til å fantasere om at du var i Cerrado, der det er nermare 30 grader og sol nett no.  Velvel, vi er tilbake i morgon – og ja, då skal vi nok ein gong svinge oss til ein heilt ny plass i kaffiverda. Det blir ein klassikar. God 6. desember! ☕🎄✨



5. Desember

Frå: Costa Rica 
Region:
Tarrazú
Produsent:  La Pastora - CoopeTarrazú
Høgde over havet: 1200 - 1850
Botanisk art: Catuai & Caturra
Prosessering: Vasket

Nokon vil seie at vi i dagens luke tonar det ned eit par hakk. Dette er ein av kaffiane vi brenner ganske mykje av igjennom året - ein av våre mest populære kaffi for dei som bestiller nybrent kaffi til arbeidsplassen. 

Costa Rica har åtte kaffidyrkingsområde, der det mest kjende er Tarrazú. Området ligg mellom Stillehavet i vest og fjellkjeda Cordillera Central i aust, og er kjent for frodig og vakker natur. Framfor alt er Tarrazú eit ideelt område for dyrking av kaffi. Høgda over havet og sedimentær jord gir kaffien den mjuke og runde smaken, medan Pirrís-elva sørgjer for tilgang til reint vatn. Costa Rica har eit veldig stort spekter av ulike kaffi - frå dei ekstremt fruktige bærtørka variantane, til klassiske vaska kaffi som den du drikk i dag. 

Kooperativet CoopeTarrazú vart etablert i 1960 og er vel etablert i regionen. Før dette fanst det ikkje lokale våtmøller, og bøndene måtte selje kaffi gjennom mellomledd. Lite kunnskap om kaffiproduksjon førte òg til låge avlingar. I dag er CoopeTarrazú det største kooperativet i regionen, med over 5000 medlemmer som leverer kaffibær til den felles våtmølla. Kooperativet arbeider for auka produktivitet gjennom kurs og rådgjeving på gardane. Medlemmene har òg sterkt fokus på sosial utvikling i lokalsamfunna og miljøvennlege praksisar som resirkulering, bruk av fornybar energi og redusert vassforbruk.

5. desember altså – dagen der enkelte allereie har ete opp halvparten av sjokoladekalendaren, medan andre nettopp har innsett at dei gløymde å kjøpe ein i år òg. Det gjeld forsåvidt kaffikalender også - vi skulle nok ha laga ein del til etternølarane (gjengen som kjøper julegåver på lillejulafta bestiller tyeleg vis adventskalendar 1-4 desember). Ellers går det sin vandte gang her, det er ein slags roleg mellomfase før vi for alvor tek til å sende julekaffi hit og dit. November og desember har blitt ein slags kombinert juleverkstad og kaffibrenneri.

Men midt i dette førjulsrotet er det faktisk ganske stas å vite at kaffien vår no blir opna, sniffa på og kommentert rundt frukostbord i heile landet. At ein kopp frå kaffi av bønner Tarrazú, brent i Sogndal finn vegen opp i koppen din akkurat i dag, er eigentleg eit lite julemirakel i seg sjølv – men slik vil tilfeldighetene ha det. 

Så takk for at du opnar luka, bryggjer kaffien og blir med oss på denne litt kaotiske, men veldig koselege desemberreisa. Må den 5. desember vere god mot deg – god 5. desember! 🎄☕😄

4. Desember

Frå: Etiopia
Region: Sidamo
Produsent: Daniso Horsa
Prosessering: Bærtørka 
Høgd over havet: 2226 
Botanisk art: Heirloom

I dag reiser vi til Etiopia – kaffien sitt opphav, og framleis ein av dei mest spanande plassane i verda å utforske kaffi frå. Denne gongen skal vi til Bensa i Sidama, eit område som gong på gong leverer noko av den beste kaffien - i alle fall etter min smak. Eit spørsmål eg ofte får - "Kva kaffi likar du best?", besvarar eg ofte slik "Eg er veldig glad i variasjon, prøve nye kaffi og frå ulike brenneri, men igjennom året drikk eg nok mest bærtørka Etiopisk kaffi".

Kva er så bærtørka kaffi, spør du?  Enkelt forklart: Etter at dei modne bæra er plukka, så vert dei fordelt ut over "Kaffisenger" eller "raised beds". Her ligg dei i alt frå eit par dagar til nokre veker, enten ute i sola eller under skugge. Dette fører til at mykje av sødmen og smaken frå fruktkjøtet trekker inn i frøet. Dersom prosessen løper litt løpsk, eller ein let det ligge lenge, så kan det bli ganske så funky og fermenterte smakar.

Dagens produsent, Daniso Horsa, held til i den naturskjønne landsbyen Damo i Shantawene-området.  Kjem du køyrande gjennom området, møter du eit landskap som nesten kjennest levande: trekroner som flimrar forbi, raud jord som formar djupe spor, og lukta av geit på grillen blanda med berbere-krydder som svevar mellom akasiane. Ein kvardag med latter, pingpongballar som sprett i skuggen – og hardt arbeid. Seier dei hvertfall - eg har ikkje vore der. Endå.

 

For bak dei romantiske bileta ligg eit enormt slit. Kaffidyrking i Etiopia er handverk frå start til slutt: trea skal stelles, blømande kvite kaffiblomar skal følgjast gjennom månadar før dei blir raude og modne – og når tida er inne, må kvart bær plukkast for hand. Berre dei beste, ofte fleire runder på same tre.

Daniso driv i tillegg ei farmside i Faficho i Bombe-området, og det er her dagens lot knyter seg til. Bøndene i Bombe bur i ei frodig fjelldal rundt Bombe-fjellet – og kaffien herfrå er særleg ettertrakta. Den er tett, kompleks og full av karakter. Bønnene er ofte litt mindre i storleik (screen 14–15), og ein større del av dei er av varianten Mikicho – ei lokal forgreining som er nært knytt til den kjende Gesha-linja. Mikicho er lett å kjenne igjen: store bær, bølgja bladverk, og lange, kanoforma frø.

Resultatet er ei smaksoppleving som gjer Bombe-området berømt:
Tropisk frukt, blomar, bittelitt funk  – og eit løft av syre som får det heile til å svinge ganske bra.

Til denne loten samarbeider Daniso med rundt 300 småprodusentar i området. Når du bryggjer dagens kopp, får du altså ikkje berre ein kaffi – men resultatet av eit heilt fellesskap sitt arbeid, samla i kvar einaste bønne.

Det er aldeles gledeleg å sjå statistikken for heimesida - det er tydeleg i statistikken at folk er inne og sjekkar ut dagens kaffi - frå 5-draget og utover mot ettermiddagen, flest mellom 7 og 8 på morgonen. Kaffikalendaren fungerar! Riktig god 4. desember!

3. Desember

Det er (overraskandes nok) ikkje alle som elskar kenyansk kaffi, nokre tykkjer den vert for syrleg og føretrekk rundare kaffi.  Når det er sagt er det ein takknemleg jobb å lage kalender, når det tikkar inn fine helsingar og  gode tilbakemeldingar på kaffien! stas.

Det er på tide å sjekke ut kaffien for tredje desember - vi byter kontinent igjen!


Frå 
Indonesia
Region: Sumatra
Produsent/Brand: Raja Toba
Prosessering: Semi Washed (Pulped natural)
Høgd over havet: 1200 - 1450
Botanisk art:
Typica & Caturra

I dag reiser vi til Indonesia – eit land som har vore knytt til kaffi i over 300 år. Historia startar heilt tilbake i 1696, då guvernøren i Jakarta fekk kaffiplantar i gåve frå Malabar i India. Første forsøk gjekk skeis (plantane drukna i ei flom), men frøet var sådd – bokstaveleg talt. I dag er Indonesia verdas fjerde største kaffiprodusent.

Det som verkeleg skil Indonesia ut, er ei tradisjonell foredlingsmetode du nesten berre finn her: Giling Basah, også kalla semi-vaska eller wet-hulled. Giling Basah er ein unik prosess som gir kaffien eit særpreg du ikkje finn andre stader.

Slik fungerar det: Dei nyttar manuelle maskiner for å "depulpe" - få av fruktkjøtet, før dei får ei natt med lett fermentering og blir vaska. Så kjem sjølve nøkkelen: i staden for å tørke kaffien heilt ned til 11–12 % fukt, slik som i vanleg vaska prosess, blir den berre tørka til rundt 30–40 %. Då blir den sendt gjennom ein maskin som «gneg» av pergamentlaget medan bønnene framleis er fuktige og mjuke. Etter dette blir dei grøne bønnene tørka vidare til dei er klare for sortering og eksport.

Resultatet? Mindre syre, meir kropp – og dei klassiske indonesiske smakstonane: fyldige, jordlege, krydra og runde.

Dagens kaffi, Raja Toba Organic, kjem frå småbønder i landsbyane Bewarang og Jagong Jeget i Aceh, nord på Sumatra. Totalt 308 hektar med små parsellar, og ein prosess som inkluderer trippelsortering – ei nitid reinsking av bønner tre gonger før kaffen blir pakka.

I koppen får du ein kaffi som er både kompleks og behageleg: krydra aromar, livleg, men balansert syre, og ein strukturert, fyldig kropp. Ei ordentleg førjulsgåve frå Sumatra.

 

2. Desember

1. Desember vart ein riktig så fin dag, med mange gode tilbakemeldingar på kaffien, samt flotte bilder til Instagram. Den verste frykten (At 1000+ sender epost og klagar på kaffien) har lagt seg, så no er det berre å gi gass.

Eg vurderte naturleg nok å heller smette inn ein brasiliansk sak i luke #2, eventuelt vår signaturkaffi frå Guatemala - men det nyttar ikkje å vente så alt for lenge: få kaffien på kok! Denne kaffien er frisk, leskande, syrleg og svært rik på smak. Ettertrakta av kaffisnobbar frå heile kloden:
Eg. Elskar. Kenyansk. Kaffi:


Frå
Kenya
Region:
Nyeri
Produsent:  Kahuro, Kiuu, og Kathinthiuku washing station
Prosessering: Vasket
Høgd over havet:
1700 - 1900
Botanisk art:
SL28, SL34, Ruiru 11

Kenya har eit varmt og tropisk klima, og blir Kenya kjølt ned av Det Indiske hav og Victoriasjøen. Dei flate savannane, rike på dyreliv og planter, stig opp mot høglanda der Mount Kenya ruvar med sine 5 199 meter. På dei frodige skråningane, som vert til fruktbart jordbruksland, trivst kaffiplanta godt.

Kenya - Kijan Kiboko Sognefjord Kaffibrenneri

Kombinasjonen av raud vulkansk jord, høge høgder og eit ideelt klima gir kaffien frå Kenya den karakteristiske fruktige, saftige smaken. 

I motsetning til nabolandet Etiopia er kaffidyrking relativt ny i Kenya og byrja først tidleg på 1900-talet. I dag er jordbruk den største bidragsytaren til landets BNP, der kaffi kjem på tredjeplass etter te og hagebruk. Kaffidyrking dekker eit areal på rundt 160 000 hektar.

Kenya - Kijan Kiboko Sognefjord Kaffibrenneri

Om lag ein tredjedel av dette arealet er planta. Størsteparten vert likevel dyrka av småbønder som er organiserte i kooperativ. Kaffien blir hovudsakleg selt gjennom auksjonar som finn stad kvar veke i innhaustingssesongen. Prisane vert fastsette ut frå kvaliteten på smaksprofilen og storleiken på bønnene. Kaffibønner som er over 17/18 i storleik, blir kalla "AA" og er dei største. Tillegga "Top" eller "Plus" refererer til smakskvaliteten. 

Namnet Kijani Kiboko kjem frå swahili-orda "Kijani", som tyder grøn, og "Kiboko", som tyder flodhest. Kaffien er samansett av nøye utvalde lotar av variantane SL-34, SL-28 og Ruiru 11, dyrka i den næringsrike vulkanske jorda i Tharaka Nithi og Nyeri. Når kaffibæra er raude og modne, blir dei handplukka i bøtter tidleg om morgonen og frakta til mølla. Der blir bæra nøye sortert og forsiktig avmaska. Etter fermentering blir kaffien vaska med reint vatn og tørka under den afrikanske sola på opphøgde sengar til fuktinnhaldet er optimalt, om lag 12 %. Dette skjer to gonger i året – hovudhausten mellom oktober og desember, og ei tidlegare innhausting med mindre volum mellom april og juli.



1. Desember

Endeleg er vi i gang! Det er med ei god blanding av glede og skrekkblanda fryd at vi opnar årets kaffi­kalender. Mange av dykk skal no smake kaffien vår for aller første gong – og då må sjølvsagt førsteinntrykket sitje.

Det har vore eit lite eventyr å få alt klart i tide i år. For å rekke alle bestillingane har vi hatt med studentar, NAV, flyktningetenesta og ungdomsskuleelevar på laget. Til og med kaffibrennar-mammaen måtte i sving, medan far tok turen heilt til Ålesund for å hente meir råkaffi hos Jacu. Heile bygda har på ein måte vore med på årets kalender! 

Forrige veke opplevde ein del folk problem med å få henta ut kalendaren sin i posten, og nokre hadde ikkje fått hentemelding: Saknar du kalendaren din så ta kontakt! Når vi jobbar med å sikre adventsgleda til folk, så gjer vi vårt beste for å skape eit bra produkt - og vi har verkeleg stått på! Når det er sagt så er det vanskeleg å handtere så mange bestillingar og få alt perfekt, nokre har fått klyper som ikkje holdt i transport, medan andre mangla eit par luker. Finner du noko som ikkje stemmer så ta kontakt - og vi vil gjere vårt beste for å hjelpe deg!


Nok skrivere - over til dagens kaffi!
Frå
Colombia
Region:
Rio Negro & Iquira, Huila (Tesalia and Teruel)
Prosessering:
Vasket
Høgd over havet:
1600 - 1750

- Sakset frå Municipo de Tesalia.

Vi startar kalenderen med ein kaffi som ligg midt i spekteret vårt – balansert, lett å like, og eit trygt, men framleis spanande første steg inn i desember. Som dei fleste kaffiane i sortimentet så brenner eg denne relativt lyst, og resultatet er ein mild og fin kaffi med nett høveleg syre.

Colombia er mange sitt favorittland når det kjem til kaffi, og i Huila-regionen finn vi noko av det beste landet har å by på. Området er rikt på vulkansk jord frå den majestetiske Nevado de Huila, noko som gir heilt ideelle vekstvilkår for kaffi. Kaffiane herfrå er kjende for lys, livleg syre, rund munnkjensle og ei rik, naturleg sødme.

Denne loten kjem frå 60–70 småprodusentar i dei sjarmerande landsbyane Tesalia og Teruel. Her har kaffidyrking vore ein viktig del av kvardagen i generasjonar – trass i tiår med politiske urolege tider. Etter fredsavtalen i 2016 har mange av desse lokalsamfunna fått nye moglegheiter, og kaffi frå regionen har verkeleg fått blomstre.

Eg håpar du likar denne kaffien, i neste luke kjem ein av mine favorittar!