Adventskalender 2025 – for deg som elskar god kaffi
Fleire av dykk har spurt etter førehandsbestilling av årets adventskalender, og no er den endeleg ute for sal! Vi set utruleg stor pris på alle tilbakemeldingane frå i fjor – og i år gjer vi kalendaren endå betre.
Ved å bestille på førehand hjelper du oss å berekne kor mange kalendarar vi skal lage, og det set vi stor pris på 🙏
24 dagar – 24 smaksopplevingar
Nyt dagane fram mot jul med 24 ulike kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri og fleire av dei beste brenneria på Vestlandet.
I år har vi fått med oss både Bergen Kaffebrenneri og Jacu – slik at du får ein verkeleg spennande og variert kalender.
Kvar luke inneheld 45 gram ferskbrente kaffibønner, nok til omlag 0,75 liter kaffi – perfekt for dagens brygg!
Ei reise gjennom kaffiverda
Adventskalenderen vår er ikkje berre ein smakskalendar – det er ei reise gjennom kaffiverda.
Du får smake alt frå bærtørka kaffi frå Etiopia til vaska kaffi frå Peru, og mykje mellom der.
Kvar dag deler vi meir informasjon om kaffien – opprinnelse, prosess, brenning og smak – både her på nettsida og på Instagram.
Perfekt for deg som vil lære meir om spesialkaffi og oppdage nye favorittar.
Når blir kalendaren sendt?
Vi sender ut Adventskalender 2025 kring 20. november, slik at du har den i god tid før 1. desember.
Ei perfekt gåve til kaffielskaren ☕🎁
Adventskalenderen passar både for deg som vil unne deg sjølv noko ekstra – og for deg som vil gi ei lokal, handverksbasert gåve til nokon som set pris på god kaffi.
Alle kaffiane kjem som heile bønner, slik at du får maksimal aroma og friskheit.
👉 Bestill Adventskalender 2025 i dag og bli med på ei smakfull reise fram mot jul!
Kjøp adventskalenderen her →