Sognefjord Kaffibrenneri
Tanzania - Nyota Kusini
Tanzania - Nyota Kusini
Couldn't load pickup availability
Frå: Mbeya, Sørvest i Tanzania
Prosessering: Vasket
Botanisk art: Bourbon & Kent, 100 % arabicabønner
Klassifisering: AA
Dyrka om lag 1600 meter over havet.
Sitrusaktig syrlighet, mørk frukt, svart te, søt og intens
Netto 250g / 1Kg
Handplukka kaffibønner frå høglandet i Sør-Mbeya, Tanzania
Tanzania byr på ei unik kaffihistorie, midt i eit landskap rikt på dyreliv, kultur og natur. I det frodige høglandet i Sør-Mbeya, nær grensa til Zambia, veks kaffien på høgplatå i staden for bratte skråningar. Her blir kaffien dyrka av småbønder som gjerne har under 2 hektar jord, og som også dyrkar mais og soyabønner til eige bruk.
Kaffiproduksjonen er manuell og omsorgsfull – berre modne bær blir plukka for hand og levert til små vaskeanlegg, eigde og drivne av lokale kooperativ. Dei får jamleg opplæring i agronomi og foredling, noko som gjev kaffi av høg kvalitet.
Resultatet er ein handverkskaffi med intens smak og fine nyansar – eit ekte produkt av det tanzanianske høglandet.

Miniblogg
-
What to do in Sogndal?
Kva skal du gjere i Sogndal? Sogndal er ein perfekt kombinasjon av ro, natur og gode opplevingar – enten du er her for ei helg eller lengre opphald. Her er...
What to do in Sogndal?
Kva skal du gjere i Sogndal? Sogndal er ein perfekt kombinasjon av ro, natur og gode opplevingar – enten du er her for ei helg eller lengre opphald. Her er...
-
Koffeinfri Kaffi
Koffeinfri kaffi – smak utan koffein Koffeinfri kaffi har lenge hatt eit ufortent dårleg rykte. Mange forbind han med flat smak og låg kvalitet, men moderne metodar for avkoffeinering har...

Adventskalender 2025 – 24 unike kaffibønner frå...
Opplev adventstida med Sognefjord Kaffibrenneri sin Adventskalender 2025! 24 ulike spesialkaffi frå Vestlandet – heile bønner, ferskt brent, klar til jul. Perfekt for kaffielskarar og som gåveidé.