
Kjekt å sjå deg!
Månadens kaffi
Så var vi i gang! Første innlegg på den nye abonnementssida vår – ein liten plass der vi kvar månad kjem til å skrive litt om kaffiane som finn vegen ned i postkassa di. Litt om kvar dei kjem frå, kven som har dyrka dei, korleis dei er prosesserte – og kanskje viktigast av alt: kvifor akkurat desse kaffiane fekk bli med vidare til koppen din.
Det er eigentleg ganske fint å tenkje på. At kaffi som har vakse fram i høgdene i Colombia eller Etiopia, no står på kjøkkenbenken din ein heilt vanleg morgon i Noreg.
Denne månaden startar vi i Colombia – og for dei som har abonnement med to posar, går turen vidare til Etiopia.
Kaffi nr. 1 – La Esperanza #2
Frå: Colombia
Region: Suaza, Huila
Produsent: Anibal Hurtatiz
Sort: Castillo
Prosess: Vaska
Høgde: 1750 moh

Månadens første kaffi kjem frå Suaza i Huila, eit område som nærmast har blitt synonymt med søt, balansert og svært lettdrikkeleg spesialkaffi. Denne loten er produsert av Anibal Hurtatiz på den vesle familiegarden La Esperanza – «håpet». Eit passande namn på ein gard som leverer akkurat den typen kaffi ein har lyst på når morgonen treng litt hjelp.
Kaffien er vaska, noko som betyr at fruktkjøtet blir fjerna frå kaffibæret før bønnene fermenterer og tørkar. Resultatet blir ofte ein reinare og meir presis kopp, der syre, sødme og terroir får kome tydeleg fram utan altfor mykje fermenterte eller tunge frukttonar.
Og akkurat det kjenner ein godt her.
I koppen får du ein frisk limeaktig syre i front, florale tonar og tropisk frukt. Etter kvart kjem ein mjuk sødme med marsipan, bakt eple og mjølkesjokolade. Kaffien er saftig og elegant, men framleis veldig komfortabel å drikke – ein sånn kopp som fungerer like godt når du verkeleg vil smake etter, som når du berre treng noko skikkeleg godt i favorittkruset ditt før dagen begynner.
Dette er på mange måtar klassisk moderne Colombia: rein, søt, livleg og veldig balansert.
Kaffi nr. 2 – Aricha FW Gr. 1
Frå: Etiopia
Region: Yirgacheffe
Vaskestasjon: Aricha
Sort: JARC-varietetar og lokale landrasar
Prosess: Fullvaska
Høgde: 1925–1945 moh
Kvalitet: Grade 1

Kaffi nummer to tek oss vidare til Etiopia – kaffiens opphav, og framleis eit av dei mest fascinerande kaffilanda i verda. Denne loten kjem frå Aricha vaskestasjon i Yirgacheffe, der over 300 småbønder leverer kaffibær frå små gardar spreidd utover det frodige høglandet.
Her blir mykje framleis gjort på tradisjonelt vis. Kaffiplantene veks side om side med matvekstar, nesten utan bruk av kunstgjødsel eller sprøytemiddel, og mykje av arbeidet blir utført av familiane sjølve.
Denne kaffien er fullvaska, som i praksis betyr ei ekstra grundig vaska prosessering. Etter handplukking blir bæra sorterte, pulpa og fermenterte i opptil 48 timar før dei blir vaska heilt reine og tørka sakte på opphøgde afrikanske senger i rundt 18 dagar. Fullvaska kaffi får ofte eit svært klart og elegant uttrykk, med høg reinskap i smaken og mykje liv i syra.
Og Yirgacheffe leverer akkurat det mange håpar på.
Her finn du florale tonar, sitrus, steinfrukt og ein nesten te-liknande eleganse. Kaffien har ein lett og saftig kropp, men samtidig mykje intensitet i smaken. Det er ein kopp som kjennest lys, kompleks og veldig levande – ein typisk Etiopia-kaffi på sitt beste.
Grade 1 er dessutan den høgaste kvalitetsgraderinga i Etiopia, reservert for kaffi med svært få defektar og eksepsjonell koppkvalitet.
To posar. To ulike kontinent. To ganske forskjellige uttrykk av kva kaffi kan vere.
Og dette er berre starten! Vi snakkes