Sognefjord Kaffibrenneri
Kaffiabonnement Sør- og Mellom-Amerika - 12 månader
Kaffiabonnement Sør- og Mellom-Amerika - 12 månader
Couldn't load pickup availability
Kaffiabonnement Sør- og Mellom-Amerika – 12 månader med ferskbrent kaffi
Få ferskbrent spesialkaffi frå vårt lokale brenneri – levert jamleg rett heim til deg. Med dette abonnementet får du 12 forhandsbetalte leveransar, nøye utvalde av brennemeister Kjetil etter sesong og kvalitet. Dette abonnementet er for deg som ønskjer kaffi utelukkande frå Sør- og Mellom-Amerika. Gjennom året sender vi ut handplukka kaffiar frå mellom anna Guatemala, Colombia, Peru, Brasil og Mexico. Vi varierer kaffien frå levering til levering, og når vi får inn spennande nyheiter, er det alltid desse som blir sendt ut først.
Første sending blir sendt rett etter kjøp, og deretter same dato dei neste månadane. Kvar levering byr på nye smakar og opplevingar, og gir deg høve til å utforske ulike kaffiar gjennom året.
Vel mellom heile bønner eller kverna kaffi. Frakt er inkludert i prisen. Ei enkel løysing som òg passar perfekt som gåve til kaffielskaren. Abonnementet går over 12 månadar og avsluttast automatisk etter siste levering.
Praktisk info
- 12 forhandsbetalte leveransar (ein per månad)
- Første sending rett etter kjøp
- Vidare levering same dato kvar månad
- Prisen for alle 12 månadane visast i kassa
PS! Dersom dette er ei gåve, vil pakken bli synleg på e-post eller telefonnummeret du brukar ved bestilling.

Miniblogg
-
What to do in Sogndal?
Kva skal du gjere i Sogndal? Sogndal er ein perfekt kombinasjon av ro, natur og gode opplevingar – enten du er her for ei helg eller lengre opphald. Her er...
What to do in Sogndal?
Kva skal du gjere i Sogndal? Sogndal er ein perfekt kombinasjon av ro, natur og gode opplevingar – enten du er her for ei helg eller lengre opphald. Her er...
-
Koffeinfri Kaffi
Koffeinfri kaffi – smak utan koffein Koffeinfri kaffi har lenge hatt eit ufortent dårleg rykte. Mange forbind han med flat smak og låg kvalitet, men moderne metodar for avkoffeinering har...

Adventskalender 2025 – 24 unike kaffibønner frå...
Opplev adventstida med Sognefjord Kaffibrenneri sin Adventskalender 2025! 24 ulike spesialkaffi frå Vestlandet – heile bønner, ferskt brent, klar til jul. Perfekt for kaffielskarar og som gåveidé.