Sognefjord Kaffibrenneri
Costa Rica - Tarrazu
Costa Rica - Tarrazu
Couldn't load pickup availability
Opphavsland: Costa Rica
Region: Tarrazu
Botanisk art: Catuai & Caturra
Prosessering: Vasket
250g / 1kg
Costa Rica har åtte kaffidyrkingsområde, der det mest kjende er Tarrazú. Området ligg mellom Stillehavet i vest og fjellkjeda Cordillera Central i aust, og er kjent for frodig og vakker natur. Framfor alt er Tarrazú eit ideelt område for dyrking av kaffi. Høgda over havet og sedimentær jord gir kaffien den mjuke, fine syrlegskapen regionen er kjent for, medan Pirrís-elva sørgjer for tilgang til reint vatn.

Kooperativet CoopeTarrazú vart etablert i 1960 og er vel etablert i regionen. Før dette fanst det ikkje lokale våtmøller, og bøndene måtte selje kaffi gjennom mellomledd. Lite kunnskap om kaffiproduksjon førte òg til låge avlingar. I dag er CoopeTarrazú det største kooperativet i regionen, med over 5000 medlemmer som leverer kaffibær til den felles våtmølla. Kooperativet arbeider for auka produktivitet gjennom kurs og rådgjeving på gardane. Medlemmene har òg sterkt fokus på sosial utvikling i lokalsamfunna og miljøvennlege praksisar som resirkulering, bruk av fornybar energi og redusert vassforbruk.
Tarrazu er verdskjent for å produsere mykje god kaffi takka vere gunstig jordsmonn og klima. Dei høge høgdene og kjølege nettene gjer at kaffibæra modnast sakte, noko som gir tettare bønner av typen Strictly Hard Bean (SHB).
Share

Miniblogg
-
Adventskalender 2025 – 24 unike kaffibønner frå...
Opplev adventstida med Sognefjord Kaffibrenneri sin Adventskalender 2025! 24 ulike spesialkaffi frå Vestlandet – heile bønner, ferskt brent, klar til jul. Perfekt for kaffielskarar og som gåveidé.

Kaffeabonnement - Kaffi i postkassa
Med eit kaffeabonnement frå Sognefjord Kaffibrenneri får du ferskbrent, sesongbasert kvalitetskaffi rett heim til døra. Vi hentar dei nyaste avlingane frå kaffigardar verda rundt og brenn kvar batch for hand...

Adventskalender - Kaffekalender
Vi har samla inn verdifulle tilbakemeldingar frå kundeundersøkinga om adventskalenderen med spesialkaffi. Resultata viser at smaken, god informasjon og bærekraft er viktigast når folk kjøper kaffi på nett. Kalenderen fekk...