Skip to product information
1 of 4

Sognefjord Kaffibrenneri

Kaffiabonnement - løpande

Kaffiabonnement - løpande

Regular price 299,00 NOK
Regular price Tilbodspris 299,00 NOK
Tilbod Sold out
Inkludert mva
Type
Kverning
Antal

Bli med på ei smaksreise – rett frå vårt lokale brenneri og heim til deg! Kvar månad vel brennemeister Kjetil ut sine favorittkaffiar, nøye utplukka etter sesong, kvalitet og det som smakar aller best akkurat no.

Dette er handverk, lidenskap og kaffiglede i kvar einaste kopp.

Den 15. kvar månad sender vi ut ferskbrent kaffi – akkurat slik det skal vere. Du får kaffi som er på sitt beste, brent lokalt hos oss og pakka med omtanke. Vel sjølv om du vil ha heile bønner eller kverna kaffi. Frakta er sjølvsagt inkludert. Den første bestillinga di blir sendt med ein gong, slik at du får månadens kaffi uansett når på månaden du bestiller.

Her får du oppdage nye smakar, nye opphav og nye favorittar. Vi varierer kaffien gjennom året, så kvar levering blir ei lita overrasking å glede seg til. Vil du ha meir kaffi? Null problem – legg til så mange posar du vil i handlekorga. Kvar pose inneheld 250 gram kaffi.

På nettsida vår kan du lese meir om kaffien du får: kvar han kjem frå, korleis han smakar, og korleis du bryggjer han best. Abonnementet går automatisk kvar månad, og du kan avslutte når du vil – heilt utan bindingstid.

Leveringsfrekvens

Les om månadens kaffi her! View full details
ein kopp med kaffi frå oss

Kaffiabonnement?

Eller gi til ein venn?

Abonement