Skip to product information
1 of 6

Sognefjord Kaffibrenneri

Etiopia - Bærtørka

Etiopia - Bærtørka

Regular price 561,00 NOK
Regular price Tilbodspris 561,00 NOK
Tilbod Sold out
Inkludert mva
Kverning
Størrelse

Etiopia- Guji Shikasso
Produsent - Smallholder farmers
Høgde over havet: 1950 - 21500moh
Botanisk Art:   Heirloom cultivars / Tradisjonel
Prosessering - Bærtørka

Ein absolutt favoritt!

Netto 250g / 1Kg

 

Etiopia blir ofte omtalt som kaffens vogge og er kjent for at det var i skogane i Kaffa-regionen at Coffea Arabica vaks vilt. Kafferegionen Yirgacheffe i Etiopia er ein av dei mest kjende regionane for spesialkaffi generelt. Dei høge høgdene og den lange historia med kaffidyrking i dette området gjer Yirgacheffe til ein unik produksjonsregion med ein særmerkt smaksprofil.

I dag har landet ein typisk «småbrukarstruktur». Dette betyr at eit stort tal bønder, med vanlegvis små produksjonsvolum, samlar saman kaffibæra sine og leverer dei til sentrale vaskestasjonar i staden for å foredle kaffi med eigne maskinar. Denne kaffen kjem frå vaskestasjonen Aramo i Yirgacheffe-høglanda, Aricha-distriktet, som produserer om lag 20% bærtørka kaffi og 80% vaska kaffi. 

Etter å ha plukka berre dei mest modne bæra, blir dei tørka i om lag 15–20 dagar i sola på dei såkalla «afrikanske tørkesengene». Om dagen blir bæra stadig vend for å sikre ei jamn tørkeprosess. Under tørkinga blir fruktsukkeret i bærmassen delvis trekt inn i kaffibøna, noko som gir den typiske fruktige og søte smaken i denne kaffen. Når kaffibæra har oppnådd ein fuktigheitsprosent på om lag 13 %, blir skalet fjerna, og kaffen blir gjort klar for transport.

 

View full details
ein kopp med kaffi frå oss

Kaffiabonnement?

Eller gi til ein venn?

Abonement