Resultat frå kundeundersøkinga – Adventskalender med kaffi 2024
I januar sende vi ut ei spørjeundersøking til kundane som kjøpte adventskalenderen vår med spesialkaffi. Heile 45 % svarte, noko som gav oss verdifulle tilbakemeldingar vi tek med oss inn i planlegginga av adventskalenderen 2025.
Hovudfunn frå undersøkinga
-
Frekvens på netthandel: 72 % kjøper kaffi på nett berre 1–4 gongar i året.
-
Totaloppleving: Kundane vurderte kalenderen til 7,8 av 10 i snitt.
-
Verdi for pengane: Også vurdert til 7,8 av 10.
-
Variasjon i kaffitypar: Fekk 7,1 i vurdering – noko vi vil jobbe vidare med.
-
Gjenkjøp: Dei fleste seier dei vil vurdere å bestille kalenderen igjen i 2025.
Kva betyr mest når folk kjøper kaffi på nett?
Resultata er tydelege:
-
Smaken på kaffi er den aller viktigaste faktoren.
-
God informasjon om kaffien – opphav, prosess, brennemåte og smak – kjem like bak.
-
Bærekraft spelar òg ei stor rolle når kundar vel kva for kaffi dei vil støtte.
Kva kan vi bli betre på?
Fleire peika på at informasjonen om kaffien i kalenderen kom for seint eller vart vanskeleg å finne på nettsida. Dette har vi tatt med oss, og for neste år vil vi:
-
Levere tydeleg informasjon i forkant av utsending.
-
Ha dagleg info lett tilgjengeleg undervegs i desember.
-
Vurdere fleire kreative løysingar for å dele historier om kaffiane – både digitalt og på trykk.
Ein kalender som varer lenge
Ein annan positiv tilbakemelding var at kalenderen hadde 45 gram kaffi per luke. Mange fortalde at dei kunne kose seg med kaffien heilt ut i januar – noko vi synest er fantastisk!
Sjå årets adventskalender
No er vi godt i gang med å planleggje årets versjon, og vi gler oss til å dele nye kaffiopplevingar med dykk.
👉 Sjå årets adventskalender her