
Kjekt å sjå deg!
Månadens kaffi august
1. Ethiopia – Mikiyas Bogale
Denne månaden går turen til Yirgacheffe i Etiopia – eit område som er kjend for kaffi med stor variasjon og lange tradisjonar. Kaffien kjem frå Idido-området, der produsenten Mikiyas Bogale arbeider saman med fleire småprodusentar.
Kaffien veks høgt til fjells, mellom 2000 og 2200 meter over havet, i leirjord og under skuggetre som Wanza, Girar og Weyira. Det høge vekstområdet gir gode forhold for sakte modning av kaffibæra.
Dette er ein vaska kaffi, noko som betyr at fruktkjøtet blir fjerna før bønnene blir fermenterte i 48–72 timar. Etterpå blir kaffien vaska og tørka på heva tørkebord, der han blir handsortert fleire gonger undervegs.
Idido er ein kaffi som viser mykje av det vi likar med etiopisk kaffi: høgde, tradisjonelt handverk og ein tydeleg kopling mellom småprodusentar og kaffien du får i koppen.

2. Guatemala – Huehuetenango
Frå Etiopia går turen vidare til Huehuetenango i Guatemala. Her kjem kaffien frå ein familie av småprodusentar i området rundt San Antonio Huista, der 10–15 produsentar leverer kaffi til denne regionale blandinga.
Primavera Family er ikkje éin enkelt gard, men eit samarbeid mellom fleire produsentar. Kaffiane blir kjøpte inn og blanda for å skape ein balansert regional kaffi.
Kaffien veks mellom 1550 og 1650 meter over havet, med Caturra, Catuai og Bourbon som dei viktigaste sortane. Han er vaska på dei individuelle våtmøllene til produsentane og deretter soltørka på terrassar.
For oss er dette ein fin representant for den klassiske Huehuetenango-stilen: balansert, ryddig og lett å like. Ein kaffi som passar godt når du berre vil ha ein skikkeleg god kopp utan at det treng å vere komplisert!

3. Ethiopia – Espresso
Vi held oss i Etiopia, men flyttar oss sørover til Guji-regionen. Denne kaffien kjem frå 44 småprodusentar i Daanisa, som leverer kaffibæra sine til Dambi Uddo-vaskestasjonen i Oddo Shakiso. Kaffien veks mellom 2000 og 2200 meter over havet og er av sorten JARC 74112.
Her har vi med ein naturleg prosessert kaffi å gjere. I staden for å fjerne fruktkjøtet før tørking, blir heile kaffibæret lagt til tørk på heva tørkebord. Bæra blir jamleg raka og handsorterte, og tørkinga kan ta opptil tre veker når vêret er overskya.
Resultatet er ein kaffi som er lys og delikat, men samstundes har den fruktige karakteren som er så typisk for naturleg prosessert kaffi frå Guji. Det er nettopp denne kombinasjonen av høgde, sort, prosessering og handarbeid som gjer etiopisk kaffi så spennande.
Daanisa er dessutan økologisk sertifisert, og kaffien blir halden separat gjennom prosesseringa for å bevare sporbarheita tilbake til dei 44 produsentane.
Tre kaffiar, to regionar og tre ganske ulike uttrykk – men alle med den same grunnideen: sporbar kaffi frå små produsentar, behandla med stor grad av handarbeid.
God brygging – og takk for at du er med på kaffi i postkassa! ☕️
Månadens kaffi juni
1. Indonesia, Ijen-platået på Java 🇮🇩
Eg veit ikkje om det er dei vulkanske landskapa, den fleire hundre år lange kaffihistoria eller berre det faktum at kaffien ofte smakar annleis enn det meste anna eg brenn – det er artig med indonesisk kaffi.
Denne månaden går turen til austlege delar av Java, nærare bestemt Ijen-platået. Området er omgitt av vulkanar og frodige skogar, og kaffien veks mellom 1000 og 1500 meter over havet på Blawan Estate. Her dyrkar dei fleire ulike sortar, mellom anna Typica og Gunung Blaw, under forhold som gir kaffien ein mjuk og elegant karakter.
Når folk tenkjer på indonesisk kaffi, er det ofte dei kraftige og jordlege smakane frå den tradisjonelle «wet-hulled»-prosesseringa dei ser føre seg. Denne kaffien går derimot ein annan veg. Han er fullt vaska, noko som løftar fram ein reinare og meir livleg kopp med sitruspreg, mjuk fylde og søte tonar av mjølkesjokolade og druer.
Indonesia har dyrka kaffi i over 300 år, heilt sidan dei første kaffiplantane kom til øyriket på slutten av 1600-talet. I dag er landet blant verdas største kaffeprodusentar, og Java er framleis ein av dei viktigaste regionane. Blawan Estate er del av ei historisk verksemd som har røter tilbake til kolonitida, og kombinerer lang erfaring med moderne kvalitetsarbeid.
For meg er dette ein perfekt kvardagskaffi: lett å like, balansert og samstundes spanande nok til at du legg merke til detaljane. Eg håpar han fell i smak hos deg òg – og kanskje inspirerer til å utforske endå fleire kaffiar frå Indonesia.
2. Costa Rica – Los Santos 🇨🇷
Juni-kaffien tek oss vidare til dei grøne fjellsidene i Los Santos-regionen i Costa Rica – eit område som gjennom fleire tiår har bygd seg opp eit rykte for å produsere noko av den beste kaffien landet har å by på. Kaffien kjem frå Santa Elena Estate, ein gard som har planter mellom 1250 og 1650 meter over havet, der kjølige netter og varme dagar gir kaffibæra god tid til å utvikle sødme og kompleksitet.
Den botaniske arten er Caturra og Catuai, og kaffien er foredla med den såkalla Honey-prosessen. Trass namnet inneheld prosessen ikkje honning – i staden får delar av fruktkjøtet sitje att på bønna under tørkinga. Resultatet er ein kopp med ekstra sødme, fyldigare munnkjensle og meir fruktpreg enn ein tradisjonelt vaska kaffi.
For meg er dette akkurat den typen kaffi som passar perfekt til sommaren: søt, balansert og lett å drikke, men med nok karakter til at du stadig oppdagar nye nyansar i koppen. Ein kaffi som fungerer like godt på trappa i morgonsola som ved kjøkkenbordet på ein regnfull junidag.
God brygging – og takk for at du er med på kaffi i postkassa! 
