Fri frakt ved kjøp av 2 poser :)

Nostalgi

Har du opplevd å vakne til lukta av nytrekt kaffi? Det er ei herleg kjensle. For mange av oss er det også nostalgisk. Dei fleste har foreldre som trakta kaffi på morgonen - kvardag og helg. Ein god kopp med kvalitetskaffi på morgonen, før ein hektisk arbeidsdag, er ein fin start på dagen.

Kaffipausane mellom slaga i arbeidsdagen skal ein heller ikkje undervurdere. For mange er kaffikoppen naudsynt i kvardagen, både som eit lite avbrekk og som ein ekstra boost. Nokre av oss blir kvikk og kreativ etter ein kopp med kaffi, og andre meina det er roande og eit teikn på at ein kan senke skuldrane.