Om

SOGNEFJORD KAFFIBRENNERI

Ein bonde som legg sjela si i gode råvarer fortener å få selt kaffien sin til nokon som bryr seg om sluttproduktet.

Sognefjord Kaffibrenneri tek inn små parti av sporbar kaffi, henta hit fordi han er dyrka fram av bønder som legg like mykje stoltheit i sluttproduktet som me gjer.

Når sjefsbrennaren er komen att frå dagens tur til fjells, ser han verkeleg fram til å gå inn døra på brenneriet. Å bli møtt av den salige lukta, brenne fersk kaffi og utvikle dei ulike smaksprofilane i lag med trivelige folk, er det beste han veit.

Sjølv om råvarene kjem langvegs frå, veit me å sette vårt preg på smaken. I ein kopp med kaffi frå oss finn du eit snev av både fjord- og fjelluft, av brevatn og solmodne tytebær og ein laks som sprett opp elva i lyset frå solnedgangen over Hurrungane.

Ok, det var kanskje å ta i litt.

Me veit at det berre er skikkeleg innsats og handverk som gjev den verkeleg gode koppen kaffi.

Unn deg ein!

 

 

EVENTYRET

Skru tida tilbake eit par hakk.

Då sat vi der, rundt leirbålet. Draumane var store og motet vaks seg større, i takt med flammane som strauk opp under kaffikjelen. Kameraten min hadde fått med seg ein pose med spesialkaffi frå kjærasten sin - "For god klatrelukke" hadde ho sagt. Vi kom til topps og trygt heimatt, ein tur og ein idé rikare.

Eg såg det føre meg, ein kaffibrennar, eit par strisekkar med kaffi. Ferskbrent kaffi eg kunne ta med på tur, eller nyte etter ein lang dag i fjellet. Den gangen verka det som ein vill plan, med dårlege odds for realisering. Men du. Det gjekk seg til.

I dag arbeider eg med spesialkaffi, og fokuserer på å tilby den beste økologiske kaffien vi får tak i. 

 

- Kjetil

Vil du høyre meir? :)