Det Gule Huset
Det Gule Huset Sogndal
Det Gule Huset i Sogndal – Kafé, minibakeri og møteplass | Sognefjord Kaffibrenneri
I hjartet av Sogndal ligg Det Gule Huset – ein liten, koseleg kaffistad med stor kjærleik for god kaffe og gode samtalar. Her har vi skapt ein plass der folk kan senka skuldrane, ta ein pause frå kvardagen og nyta ein kopp nybryggja kvalitetskaffe i varme og uformelle omgjevnader.
Det heile starta med ein draum om å kombinera lidenskapen for kaffe med ønsket om å bygga fellesskap. Kaffien vi serverer er brent med omtanke i Sognefjord Kaffibrenneri, og vi legg stoltheit i å tilby reine, ærlege smakar – utan snarvegar.
I tillegg til kaffe har vi vårt eige vesle minibakeri, der vi bakar ferske bollar og andre godsaker kvar einaste dag. Lukta av nybakt og smaken av heimelaga bakverk er ein viktig del av opplevinga hos oss – og eit perfekt følgje til kaffien i koppen.
Enten du stikk innom for noko varmt å drikka, noko søtt å smaka på, ein prat, eller berre ei stille stund for deg sjølv – er du alltid velkomen innom Det Gule Huset.
Gulehuset.com er snart oppe og går - der vil du finne meir og oppdatert informasjon.
I Det Gule Huset får du din daglege dose med kaffi, brent eit steinkast borti høgget, der vi i Sognefjord Kaffibrenneri held til.

Kaffibar og minibakeri
I kaffibaren lagar vi kaffi med bønner frå Sognefjord Kaffibrenneri - nybrent, nykverna, nytrakta. Ta med deg ein kaffi "til å ta med" eller nyt ein espresso på balkongen.

Catering - bedriftsavtalar:
Kontakt oss dersom de vil bestille bollar, blingsar, suppe etc.
Leige lokaler
Snart vil 2. etg være klar for booking til møter, arrangement og liknande.
Les meir om oss:
https://www.sognavis.no/opnar-pa-arets-travlaste-dag-noko-kjem-til-a-ga-gale/s/5-115-1304063
https://www.facebook.com/profile.php?id=61575543175150
Velkommen til oss i Parkvegen 6!