Visit Sognefjord

Visit Sognefjord

Vi har blitt medlem av Visit Sognefjord! Sjekk ut profilsida vår !

Mange av våre kundar har tilknytting til reiselivet i Sogn og rundt sognefjorden, derfor er det naturleg for oss å bli nærare knytt saman med desse. På brenneriet opplever vi to høgsessongar - det er toppen av turistsessongen på sommaren, og rundt juletider.

På kundelista vår er mange reiselivsbedrifter, som Turtagrø Hotel, Flåm Bakeri, Fretheim hotel, Walaker Hotel, Fjærland fjell og Fjordstue og så vidare. At dei har mykje besøk fører til ekstra jobb på brenneriet - det set vi pris på!

Eg tenkte at eg skulle sette av litt tid til å få litt tilbakemelding frå kundane om korleis dei tykkjer det er å servere kaffi frå Sognefjord kaffibrenneri: Ein ting som er sikkert, er at deira besøkande i stor grad legg merke til det - då eg stadig får gjestar innom brenneriet fordi dei vil kjøpe med seg kaffi heim frå ferieturen i Sogn!
Back to blog