Viktig symbol - Sognefjord Kaffibrenneri

Viktig symbol

Det finaste med kaffi er at alle forbind det med å vere sosial og kose seg. Kaffikoppen heng saman med gode møter og samtalar med andre, både ute og heime.

Kaffien blir servert både på arbeidsplassen, trakta heime, på skulen og til og med på klatresenteret. Sjølv dei som ikkje drikk kaffi har likevel eit forhold til det. Enkelte seier kaffi ikkje smakar godt, andre at dei har lært seg å drikke kaffi fordi det er eit viktig sosialt samlingspunkt. Personlig trur eg at dei som ikkje likar kaffi ikkje har smakt

Sognefjord Kaffibrenneri sin. Om dei framleis meiner at kaffi ikkje smakar godt etter å ha smakt den, det tvilar eg på. Sjølv om vi alle har ulike preferansar, så klart.

Back to blog