Kvalitetskaffi til ein kvar anledning

Kvalitetskaffi til ein kvar anledning

Reisa fram til Sognefjorden Kaffibrenneri er prega av tilfeldigheiter, men kjærleiken til kaffi har alltid vore der. Når ein vill ide vart til ei moglegheit – greip eg den med begge hender og kasta meg ut i kaffiverda.

Studentlivet i Sogndal byr på mykje for ein student. Det som skulle vere eit «friår» på friluftslivskule i Sogndal, før eg byrja å studere noko «skikkeleg», vart til både ein bachelor og så ein master i idrettsvitskap. Sogndal tek så godt i mot studentane sine, og byr på så mykje inspirasjon, at mange av dei gjerne blir buande, og kanskje startar opp eit kaffibrenneri. Det hende i alle fall meg!

Kaffi – koplar menneske saman

Arbeid ute i naturen og med dyr høyrer med når ein er oppvaksen på gard. Det var sjølvsagt nokon år på guterommet der datamaskina var i fokus, men eg har alltid vore opptatt av å vere ute. Til dømes synast eg snowboard og fisking var veldig artig! Lidenskapen for naturen og aktivitetane her blei endå meir dyrka då eg byrja å studere i Sogndal. 

Eg har alltid vore ein ivrig kaffidrikkar. Det er mykje positivt knyta til kaffi: Kaffi på tur, studenttilværet, treffe folk over ein kaffikopp, studiepause, invitere folk heim på ein kopp kaffi. Det er ein uformell måte å kome i kontakt på, og det kan nyttast til kvar ei anledning!

Nord-Norge og fjell-luft som inspoSom student i Sogndal var eg mykje ute på tur i fjellheimen. Historia om korleis det heile byrja har eg fortalt mange gongar før, og eg kan den no på rams:Eg reiste på klatretur saman med ein kompis og vi skulle overnatte ved foten av fjellet. På kvelden sat vi og åt middag og koka kaffi på bål. Kompisen min hadde med seg kokekaffi frå eit brenneri i Lofoten. «Får dei det til i Lofoten, må eg klare å få det til i Sogndal òg!», sa eg høgt og optimistisk. 

Eg hadde ikkje anna val enn å byrje å brenn nokre kaffibønnerI byrjinga var det berre ein idé (av særs mange). Eg delte ideen om eit kaffibrenneri ved Sognefjorden med kollegaer på UWC i Fjaler. Det som sette det heile i gang var ein Facebook-annonse for ein gründerkonkurranse, der ein kunne vinne gratis pass til Fjellsportfestivalen + middag. «Fett! Eg kan fortelje om ideen min og få gratis pass!», tenkte eg. Det enda meg at eg vann konkurransen. På måndagen var det eit stort bilete av meg på framsida av Sogn Avis, og overskrifta: «Han skal starte kaffibrenneri i Sogndal!»Då var det ikkje anna å gjere for meg enn å byrje å brenne nokre kaffibønner!

Frå null kunnskap til NM-kvalifiseringFor å lære faget kontakta eg dei som er rekna for å vere dei beste i bransjen: Dei som har internasjonal erfaring og er i verdstoppen på dette. Eg lærte mykje på særs kort tid, og blei faktisk ganske flink! Eitt år etter at eg byrja, kom eg heilt til toppen av ein Skandinavisk brennekonkurranse, og vart eit av seks brenneri som kvalifiserte til NM i kaffibrenning i 2020! Eg vil seie at eg har hatt ei fin utvikling sidan byrjinga av ferda. Med støtte frå Innovasjon Norge, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sogn Næring fekk eg komme meg godt i gong. 

Frå hobbyprosjekt til ambisjon

Sidan ideen vart planta har frøet berre grodd, og i ganske høg hastigheit - frå å ikkje ha nokon kunnskap om kaffibrenning til å vinne prisar: Nordic Roaster 2018, Skandinavisk kaffibrenneri-konkurranse og NM-kvalifisering til 2020. Eg vil seie at mi gründerreise har vore veldig bra. Det som eigentleg skulle vere eit hobbyprosjekt blei ein ambisjon om å kunne skape sin eigen arbeidsplass, og ein arbeidsplass for andre.

Ei god reise, med kaffi i bagasjenReisa har vore utruleg spanande, og vegen vidare er likedan. Det viktigaste av alt er å ha det moro og fokusere på kvalitet. Å vere størst betyr ikkje alltid at ein er best. Vegen blir jo til mens man går!Det beste med jobben er å reise rundt til kundane og treffe dei, samt hjelpe dei med å gjere deira eigne kundar nøgde. Dette brukar eg mykje tid på, då dei gode tilbakemeldingane dei får gagnar meg.Eg føler også at brenneriet har hatt mykje å seie her lokalt, og opplever at folk er støttande og at dei synast det er spanande å følge med på reisa vår. Folk ønsker at Sognefjord Kaffibrenneri skal lukkast og dei ønsker å vere ein del av historia: Enten om det var å støtte meg i starten eller heile vegen. 

Back to blog