Julekaffe, Julekaffe Dambi Uddo, Julekaffe Peru

Julekaffe

Julekaffe

Å distribusjon Julekaffe Bærtørka Etiopiske Dambi Uddo / Julekaffe Peru.

Det slår aldri feil. Eg veit at vi har komme til November når eg skal begynne å distribuere julekaffi rundt om i heile landet.


Historisk sett så var "julekaffe" ei salig blanding av restane som dei ulike kaffibrenneria ville bli kvitt. Gjerne brent litt ekstra mørkt, pakka på nytt og relansert som årets julegavetips. 


I dei seinare år har det blitt litt meir prestisje med julekaffi. Nokre gongar vert det lansert konkurransar der ulike personar blindtestar kaffien, og kårar "Årets julekaffe". 

Eg vel å ha to ulike kaffi som er i sessong. Kaffe frå Peru får eg inn om hausten,  kvar oktober månad kjem årets kaffi inn til havnene i Europa, og deretter til kaffibrenneriet i Sogndal. 

Ein anna kaffi som har blitt ekstremt populær, er den bærtørka etiopiske kaffien frå Dambi Uddo Washing station i Guji. Nytt av året er at den er Debio-sertifisert  - og dermed den desidert beste økologisk-sertifiserte kaffien vi har hatt inne. (Reint objektivt - spesialkaffi cupping score)


Sjekk ut kaffien her: https://sognefjordkaffibrenneri.no/collections/frontpage/products/julekaffi


Keywords : Julekaffe Dambi Uddo, Julekaffe Peru

Back to blog