Gründer / Kaffi / Sogndal

Snart er det fjellsportfestival!

Under Fjellsportfestivalen arrangerar Sogn Næring og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane ein fjellpitch. For 6 år sidan var det eg som sto på på scena for å fortelle om ein ide eg hadde fått - kaffibrenneri i Sogndal! 

https://www.sognnaring.no/aktuelt-alle/fjellpitch-2023

Eg var så heldig at eg klarte å overbevise dommarpanelet - og stakk av med sigeren i 2017!

Sogndal er ein flott plass for å drive med oppstart av nye bedrifter, eit relativt lite og oversiktleg lokalsamfunn gjer det enkelt å komme i kontakt med dei rette folka. Det er kort veg for å komme i kontakt med både ordførar og bedriftsleiarar.

I år har eg blitt invitert med i juryen, som dommar under årets konkurranse. Eg gledar meg til å høyre om nye idear som kan bli til noko spennande! 

Back to blog