Dufta av ein god start - Sognefjord Kaffibrenneri

Dufta av ein god start

Kaffi er eit ritual dei fleste blir i godt humør i. Klukkinga når vatnet byrjar å koke, og lukta av kaffi som stig opp når vatnet møter kaffien. Lukta av nytrekt kaffi, den gjer noko med oss. Den kvikkar oss opp, og set eit smil på munnen, sjølv før den første slurken. Sjølv dei som ikkje drikk kaffi syns det er ein god duft. Og kanskje drikk dei ikkje kaffi, fordi dei ikkje har smakt den gode kaffien til Sognefjord Kaffibrenneri? For oss andre startar dagen for alvor når du har fått ein varm, god kaffikopp i handa. Då er vi klar for alt. Ein kopp rykande varm, fersk nytrekt kaffi vekker oss opp som ingenting anna.

Back to blog