Bedriftskunde: Kinn Bryggeri

Bedriftskunde: Kinn Bryggeri

Eg kjem aldri til å gløyme denne ettermiddagen i 2017. Eg hadde fått kaffibrennaren i hus, hadde mykje kaffi på lager - problemet var, eg hadde ingen kundar.
Dagar blei til veker, og til slutt innsåg eg faktumet: Eg måtte være komplett idiot for å i det heile tatt tru at det var mogleg å drive kaffibrenneri i Sogndal. Eg prøvde å ringe til kafear og bedrifter - men ingen beit på kroken.
Det er no ein gang rart med det, at når det ser ut som mørkast kan vendepunktet komme. Det gjorde det. Plutseleg ein dag ringte telefonen. "Halloen! Det er Ann-Magritt som ringer frå Kinn Bryggeri. Vi har lese om deg i Sogn Avis og vil gjerne kjøpe kaffi til kontoret. 10 Kg" Vi oppretta ein enkel bedriftsavtale på kaffe, og har levert nybrente bønner til dei sidan den gang.
Brått så snudde alt. Det var igjen håp! Om det så gjekk sakte i starten, så var det hvertfall mogleg. Å bygge stein for stein.
Sidan den gang har vi forsynt  Kinn Bryggeri med kaffi, både til bryggarane, lagermedarbeidarane og til og med i øl dei har brygga 😃
For nokre dagar sidan var dei på Preikestolen, Espen Lothe (Kinn Bryggeri gründer) hadde såklart med sin trufaste primus - kaffi + utsikt = livskvalitet!
Dersom du tenker at dine medarbeidere og kollega burde drikke god kaffi på jobben - ta kontakt! Vi ordnar både filtermalt kaffi til moccamasteren, og kaffibønner til heilautomatiske maskiner. Sognefjord Kaffibrenneri er også forhandler av Jura kaffemaskiner, La Marzocco Espressomaskiner med meir.

Back to blog