Ved å skriv eit blogginnlegg om Jura kaffimaskiner, får vi meir treff på sida viss folk søker etter "bedriftsavtale kaffi" på google.
Eg må innrømme - det er ein fin tanke at folk søker etter kaffimaskin, leser om det på nett og tar kontakt med oss for levering, og såklart: Kaffiavtale!
Sjølv om vi likar filterkaffi best, så er det ikkje til å stikke under ein stol at kaffi frå ei maskin er veldig praktisk i arbeidstida. Kaffien slipper å stå på plata i timesvis, du slipper å krangle om kven som skal sette på ny kanne - og får alltid ferskbrygget kaffi i koppen. Har du i tillegg gode kaffibønner i maskina, så smaker det ganske så bra!
Enkelte bedrifter kjøper seg kaffimaskin til kontoret, medan andre velger å leige eller lease. Sånnleis er edet veldig greit og forutsigbart og greit å leige maskina for 549,-per månad.
]]>Under Fjellsportfestivalen arrangerar Sogn Næring og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane ein fjellpitch. For 6 år sidan var det eg som sto på på scena for å fortelle om ein ide eg hadde fått - kaffibrenneri i Sogndal!
https://www.sognnaring.no/aktuelt-alle/fjellpitch-2023
Eg var så heldig at eg klarte å overbevise dommarpanelet - og stakk av med sigeren i 2017!
Sogndal er ein flott plass for å drive med oppstart av nye bedrifter, eit relativt lite og oversiktleg lokalsamfunn gjer det enkelt å komme i kontakt med dei rette folka. Det er kort veg for å komme i kontakt med både ordførar og bedriftsleiarar.
I år har eg blitt invitert med i juryen, som dommar under årets konkurranse. Eg gledar meg til å høyre om nye idear som kan bli til noko spennande!
]]>Det slår aldri feil. Eg veit at vi har komme til November når eg skal begynne å distribuere julekaffi rundt om i heile landet.
Historisk sett så var "julekaffe" ei salig blanding av restane som dei ulike kaffibrenneria ville bli kvitt. Gjerne brent litt ekstra mørkt, pakka på nytt og relansert som årets julegavetips.
I dei seinare år har det blitt litt meir prestisje med julekaffi. Nokre gongar vert det lansert konkurransar der ulike personar blindtestar kaffien, og kårar "Årets julekaffe".
Eg vel å ha to ulike kaffi som er i sessong. Kaffe frå Peru får eg inn om hausten, kvar oktober månad kjem årets kaffi inn til havnene i Europa, og deretter til kaffibrenneriet i Sogndal.
Ein anna kaffi som har blitt ekstremt populær, er den bærtørka etiopiske kaffien frå Dambi Uddo Washing station i Guji. Nytt av året er at den er Debio-sertifisert - og dermed den desidert beste økologisk-sertifiserte kaffien vi har hatt inne. (Reint objektivt - spesialkaffi cupping score)
Sjekk ut kaffien her: https://sognefjordkaffibrenneri.no/collections/frontpage/products/julekaffi
Keywords : Julekaffe Dambi Uddo, Julekaffe Peru
]]>Om du bur i Bergen eller Tromsø, Oslo eller Trondheim - kaffien skal fram uansett! Eg har eit forslag til deg - skaff deg eit abonnement på kaffi! Kvar månad har vi månadens kaffi, den sender vi ut til våre kundar over heile landet. Nybrent kaffi, rett i postkassa.
Mange synes at det er ein super måte å få prøvd kaffi frå ulike land og verdensdelar. Samtiidig seier fleire at dei gledar seg til å gå å sjekke postkassa, når dei veit at det nermar seg.
I August er det kaffien frå Guatemala - Huehuetenango som blir sent ut. Det er ein økologisk kaffi som vi brenner mykje av, antakeleg vis bestselgeren vår.
Keywords: Kaffe, kaffeabonnement, kaffi, abonnement, kaffeabonnement, nybrent kaffe, abonnement kaffe.
Kaffi er eit samlingspunkt. På jobb og i heimen. Til kvardag og fest. Familien samlar seg rundt kaffi og kake. Dei som trivast best ute i naturen, elskar å koke kaffi på bål ute i eitt med naturen. Sprakinga frå bålet og suset frå vinden, som blandar seg med lukta av røyk og kaffi, kanskje med ein solnedgang i horisonten, det er kanskje då kaffien smakar best. Og til kvardags kan ein nyte den frå termos, eller i to go-kopp.
Fleire og fleire har lyst på nybrent kaffe på jobben. Du må gjerne ta kontakt med Sognefjord Kaffibrenneri for å få tilpassa din "Kontorkaffe". Frå brenneriet i Sogndal sender vi ut nybrende bønner - til heile landet.
Ingenting å lure på - ta kontakt for å få nybrent kaffe til din bedrift!
Kaffipausane mellom slaga i arbeidsdagen skal ein heller ikkje undervurdere. For mange er kaffikoppen naudsynt i kvardagen, både som eit lite avbrekk og som ein ekstra boost. Nokre av oss blir kvikk og kreativ etter ein kopp med kaffi, og andre meina det er roande og eit teikn på at ein kan senke skuldrane.
]]>Nokre gonger blir det litt mykje. Kvardagen kan være hektisk og stressande, og det er mykje ein må. I blant treng ein eit avbrekk. Og kva er vel betre selskap enn ein rykande kopp kaffi? Lukta av nytrekt kaffi får dei fleste skuldrer til å senke seg. Det er noko med kombinasjonen av varme, lukt og smak av kaffi som får oss til å kople av. Så husk å unn det sjølv nokre pausar i kvardagen, med ein kaffi med smak og aroma frå øvste hylle.
]]>Kaffi er eit ritual dei fleste blir i godt humør i. Klukkinga når vatnet byrjar å koke, og lukta av kaffi som stig opp når vatnet møter kaffien. Lukta av nytrekt kaffi, den gjer noko med oss. Den kvikkar oss opp, og set eit smil på munnen, sjølv før den første slurken. Sjølv dei som ikkje drikk kaffi syns det er ein god duft. Og kanskje drikk dei ikkje kaffi, fordi dei ikkje har smakt den gode kaffien til Sognefjord Kaffibrenneri? For oss andre startar dagen for alvor når du har fått ein varm, god kaffikopp i handa. Då er vi klar for alt. Ein kopp rykande varm, fersk nytrekt kaffi vekker oss opp som ingenting anna.
]]>Det finaste med kaffi er at alle forbind det med å vere sosial og kose seg. Kaffikoppen heng saman med gode møter og samtalar med andre, både ute og heime.
Kaffien blir servert både på arbeidsplassen, trakta heime, på skulen og til og med på klatresenteret. Sjølv dei som ikkje drikk kaffi har likevel eit forhold til det. Enkelte seier kaffi ikkje smakar godt, andre at dei har lært seg å drikke kaffi fordi det er eit viktig sosialt samlingspunkt. Personlig trur eg at dei som ikkje likar kaffi ikkje har smakt
Sognefjord Kaffibrenneri sin. Om dei framleis meiner at kaffi ikkje smakar godt etter å ha smakt den, det tvilar eg på. Sjølv om vi alle har ulike preferansar, så klart.
]]>Reisa fram til Sognefjorden Kaffibrenneri er prega av tilfeldigheiter, men kjærleiken til kaffi har alltid vore der. Når ein vill ide vart til ei moglegheit – greip eg den med begge hender og kasta meg ut i kaffiverda.
Studentlivet i Sogndal byr på mykje for ein student. Det som skulle vere eit «friår» på friluftslivskule i Sogndal, før eg byrja å studere noko «skikkeleg», vart til både ein bachelor og så ein master i idrettsvitskap. Sogndal tek så godt i mot studentane sine, og byr på så mykje inspirasjon, at mange av dei gjerne blir buande, og kanskje startar opp eit kaffibrenneri. Det hende i alle fall meg!
Kaffi – koplar menneske saman
Arbeid ute i naturen og med dyr høyrer med når ein er oppvaksen på gard. Det var sjølvsagt nokon år på guterommet der datamaskina var i fokus, men eg har alltid vore opptatt av å vere ute. Til dømes synast eg snowboard og fisking var veldig artig! Lidenskapen for naturen og aktivitetane her blei endå meir dyrka då eg byrja å studere i Sogndal.
Eg har alltid vore ein ivrig kaffidrikkar. Det er mykje positivt knyta til kaffi: Kaffi på tur, studenttilværet, treffe folk over ein kaffikopp, studiepause, invitere folk heim på ein kopp kaffi. Det er ein uformell måte å kome i kontakt på, og det kan nyttast til kvar ei anledning!
Nord-Norge og fjell-luft som inspoSom student i Sogndal var eg mykje ute på tur i fjellheimen. Historia om korleis det heile byrja har eg fortalt mange gongar før, og eg kan den no på rams: Eg reiste på klatretur saman med ein kompis og vi skulle overnatte ved foten av fjellet. På kvelden sat vi og åt middag og koka kaffi på bål. Kompisen min hadde med seg kokekaffi frå eit brenneri i Lofoten. «Får dei det til i Lofoten, må eg klare å få det til i Sogndal òg!», sa eg høgt og optimistisk.
Eg hadde ikkje anna val enn å byrje å brenn nokre kaffibønnerI byrjinga var det berre ein idé (av særs mange). Eg delte ideen om eit kaffibrenneri ved Sognefjorden med kollegaer på UWC i Fjaler. Det som sette det heile i gang var ein Facebook-annonse for ein gründerkonkurranse, der ein kunne vinne gratis pass til Fjellsportfestivalen + middag. «Fett! Eg kan fortelje om ideen min og få gratis pass!», tenkte eg. Det enda meg at eg vann konkurransen. På måndagen var det eit stort bilete av meg på framsida av Sogn Avis, og overskrifta: «Han skal starte kaffibrenneri i Sogndal!» Då var det ikkje anna å gjere for meg enn å byrje å brenne nokre kaffibønner!
Frå null kunnskap til NM-kvalifiseringFor å lære faget kontakta eg dei som er rekna for å vere dei beste i bransjen: Dei som har internasjonal erfaring og er i verdstoppen på dette. Eg lærte mykje på særs kort tid, og blei faktisk ganske flink! Eitt år etter at eg byrja, kom eg heilt til toppen av ein Skandinavisk brennekonkurranse, og vart eit av seks brenneri som kvalifiserte til NM i kaffibrenning i 2020! Eg vil seie at eg har hatt ei fin utvikling sidan byrjinga av ferda. Med støtte frå Innovasjon Norge, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sogn Næring fekk eg komme meg godt i gong.
Frå hobbyprosjekt til ambisjon
Sidan ideen vart planta har frøet berre grodd, og i ganske høg hastigheit - frå å ikkje ha nokon kunnskap om kaffibrenning til å vinne prisar: Nordic Roaster 2018, Skandinavisk kaffibrenneri-konkurranse og NM-kvalifisering til 2020. Eg vil seie at mi gründerreise har vore veldig bra. Det som eigentleg skulle vere eit hobbyprosjekt blei ein ambisjon om å kunne skape sin eigen arbeidsplass, og ein arbeidsplass for andre.
Ei god reise, med kaffi i bagasjenReisa har vore utruleg spanande, og vegen vidare er likedan. Det viktigaste av alt er å ha det moro og fokusere på kvalitet. Å vere størst betyr ikkje alltid at ein er best. Vegen blir jo til mens man går! Det beste med jobben er å reise rundt til kundane og treffe dei, samt hjelpe dei med å gjere deira eigne kundar nøgde. Dette brukar eg mykje tid på, då dei gode tilbakemeldingane dei får gagnar meg.Eg føler også at brenneriet har hatt mykje å seie her lokalt, og opplever at folk er støttande og at dei synast det er spanande å følge med på reisa vår. Folk ønsker at Sognefjord Kaffibrenneri skal lukkast og dei ønsker å vere ein del av historia: Enten om det var å støtte meg i starten eller heile vegen.
]]>